Torild Skard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torild Skard
Torild Skard (cropped).jpeg
Fødd 29. november 1936
Oslo
Yrke politikar, psykolog, sosiolog
Torild Skard på Commons

Torild Skard (fødd 29. november 1936) er ein norsk pedagog, psykolog, embetskvinne, SV-politikar og tidlegare stortingsrepresentant og lagtingspresident. Ho var første kvinne med presidentverv på Stortinget.[1] Som stortingsrepresentant var ho òg nestleiar for Justiskomitéen. Ho har markert seg som forkjempar for rettane for kvinner og barn, og har hatt ei rekkje verv og stillingar i SN, bl.a. som direktør for kvinnespørsmål i UNESCO Paris 1984-86, som styreformann for SNs barnefond, UNICEF, 1988-89 og som UNICEFS regionaldirektør for Vest- og Sentral-Afrika i Abidjan 1994-98 med ansvar for UNICEF sitt arbeid i 23 land. Ho har vore ekspedisjonssjef, spesialråd/assisterande utanriksråd for bistandssakar (dvs. med øvste ansvar for bistandssakar) og spesialrådgjevar i Utanriksdepartementet 1986-94 og 1999-2003, og dessutan seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt 2003-2011. Frå 2006 til 2014 var ho leiar i Norsk Kvinnesaksforening. Ho var òg nestleiar i styret for FOKUS frå 2005 til 2008. I 2014 vart Skard medeigar i avisa Ny Tid, der ho sjølv verkar som spaltist.[2]

Skard har skrive fleire bøker, bl.a. Mødrenes kontinent om utvikling i Afrika (2001) og Maktens kvinner om kvinnelege toppolitikarar over heile verda (2012).

Bakgrunn og karriere[endre | endre wikiteksten]

Skard var fødd i Oslo som dotter av Sigmund Skard og Åse Gruda Skard, og barnebarn av Halvdan Koht og Karen Grude Koht. Ho er tvillingsyster av Målfrid Grude Flekkøy. Ho studerte i Oslo og Paris, og er utdanna lærer, cand. mag. og cand. paed. Ho arbeidde som lektor ved Statens spesiallærarhøgskole 1965-1972 og som universitetslektor ved Universitetet i Tromsø 1972–1973, som forskar ved Arbeidspsykologisk institutt (det noverande Arbeidsforskingsinstituttet) 1978-84, direktør for kvinnespørsmål i UNESCO 1984-86 (busett i Paris), ekspedisjonssjef og assisterande utanriksråd i Departementet for utviklingshjelp og Utenriksdepartementet 1986-1991, spesialråd 1991-94, regionaldirektør for Vest- og Sentral-Afrika for UNICEF 1994-98 (busett i Abidjan i Elfenbeinskysten) og 1999-2003 som spesialrådgjevar i Utenriksdepartementet og seniorforskar ved NUPI 2003-2011. I 1975 vart ho godkjent som psykolog av Sosialdepartementet.

I 1994 gifta ho seg med tidlegare stortingsrepresentant for SV, Kåre Øistein Hansen (1927-2012), etter at dei hadde vore sambuarar sidan 1977. Frå 1962 til 1965 var ho gift med Berge Furre (1937- ).

Arbeid for UNICEF[endre | endre wikiteksten]

Borgarkrigen i Sierra Leone rasa for fullt på 1990-talet. Her er ein skule øydelagt av Revolutionary United Front

Som UNICEFS regionaldirektør i Vest- og Sentral-Afrika frå 1994 til 1998 var Torild Skard ein av dei meste sentrale personane i å handtera dei humanitære katastrofane under Afrikas mange borgarkrigar på 1990-talet, slik som borgarkrigane i Liberia, Sierra Leone og den Sentralen-afrikanske republikk. Denne delen av Afrika var verda si mest krigsherja region på 1990-talet.

Etter at ho kom heim frå Afrika utgav ho boka Mødrenes kontinent: Blant jentebruder, helbredere og barnesoldater i Vest- og Sentral-Afrika, som er omsett til ei rekkje språk.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Skard var opphavleg medlem av Arbeidarpartiet (AUF), men vart ekskludert frå partiet i 1959 saman med storparten av AUF-laget Sosialistisk Studentlag, som ho var leiar for, som følgje av studentlagets påskeopprør i 1958.[3] Frå 1961 var Skard medlem av Sosialistisk Folkeparti (SF) og var vararepresentant på Stortinget frå Oslo SF i 1965-1969. Ho vart valt som representant på Stortinget frå Akershus SV 1973-77 og var då første kvinnelege president (i Lagtinget) og nestleiar i Justiskomitéen. Ho representerte Sosialistisk Valforbund, seinare Sosialistisk Venstreparti (SV).

Torild Skard (til høgre) saman med tidlegare SV-leiar Berit Ås og NKF-leiar Margunn Bjørnholt i Malmö i 2014

Ho var leiar for den norske nasjonalkommisjon for UNESCO 1977-84 og for UNICEF sitt internasjonale styre (Executive Board) 1988-89, og styremedlem i Folkerørsla mot norsk medlemskap i EEC 1970–1973. Ho var frå 2006 til 2014 leier i Norsk Kvinnesaksforening (NKF), og var i tillegg nestleiar i styret for FOKUS frå 2005 til 2008, opphavleg som representant for SVs kvinnepolitiske utval, sidan som representant for Norsk Kvinnesaksforening.

Torild Skard har utgjeve fleire bøker om norsk politikk. Boka Maktens kvinner utkom i 2012, og handlar om kvinnelege statsleiarar og regjeringssjefar i heile verda. Boka kom ut på engelsk i 2014.

I 2009 vart Skard oppnemnt av regjeringa til medlem av Røysterettskomiteen, som arrangerte 100 års-jubileet i 2013.[4]

Eigar av Ny Tid[endre | endre wikiteksten]

I 2014 kom Skard inn som ein av fire eigarar som overtok alle aksjane i avisa Ny Tid. Skard var ein dei meste produktive bidragsytarane til forløparen Orientering på 1960-talet.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1998 vart ho utnemnt til kommandør av den senegalesiske Løveordenen, ei utmerking som vart overrekt av Senegals president Abdou Diouf.

Kong Harald V utnemnde i 2012 Skard til kommandør av St. Olavs Orden «for innsatsen hennar for kvinner og rettane til barn.»[5]

I 2013 utpeikte VG dei hundre «viktigaste kvinnene» i Norgeshistorien, og Torild Skard vart nr. 40.[6]

Det hengjer eit måleri av Torild Skard på Stortinget, malt av Sonja Krohn.

Torild Skard vart i 2014 utnemnt til æresmedlem av Norsk Kvinnesaksforening.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]