Øivind Blunck
Øivind Blunck | |
Fødd | 28. desember 1950 (72 år) |
---|---|
Fødestad | Noreg |
Verka som | komikar, songar, skodespelar |
Ektefelle | Guri Schanke |
Prisar | Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Solprisen |
Øivind Blunck (fødd 28. desember 1950) er ein norsk skodespelar og komikar fødd i Oslo.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Blunck er kjend for ei rekke humoristiske roller i fjernsyn og på teater, mellom anna som tenåringen Reidar, mopedoriginalen Fridtjof, i revyar saman med Hege Schøyen og som politimannen Holm i fem filmar om Olsenbanden.
Han gjorde et uutsletteleg inntrykk som assyriologen Henrik Meisel i ABC-Teatret sin forviklingskomedie Den Spanske Flue. Han hadde òg rolla som kroverten Thénardier i musikalen Les Misérables då denne vart sett opp første gong i Noreg i 1988.
Øivind Blunck var gift med Guri Schanke frå 1991 til 2008. Han vann Leonardstatuetten i 1998.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Intervju i Dagbladet 1999
- Nett-TV 2003 (intervju med Blunck i programmet Først & sist den 10. januar 2003)
- Nett-TV 2006 (intervju med Blunck i programmet Først & sist den 17. november 2006)
- «Øivind Blunck» i Store norske leksikon, snl.no.