Guri Schanke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guri Schanke
ESC 2007- Guri Schanke.jpg
Guri Schanke opptrer i Helsingfors i 2007.
Fødd 14. desember 1961 (61 år)
Noreg
Yrke skodespelar, songar, dansar, teaterskodespelar, plateartist
Guri Schanke på Commons

Guri Annika Schanke (fødd 14. desember 1961) er ein norsk skodespelar, songar og dansar. Ho vann Melodi Grand Prix 2007 og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2007, der ho enda på 18. plass i semifinalen.

Guri Schanke er kjend for skodespelarkarrieren sin, særleg i revyar og musikalar. Ho var òg med i siste runden av TV2 sitt underhaldningsprogram Skal vi danse i 2006. 10. februar 2007 vann ho den norske finalen i Melodi Grand Prix med låten «Ven a bailar conmigo» komponert av Thomas G:Son. Schanke representerte Noreg under semifinalen i Eurovision Song Contest 10. mai 2007 i Helsingfors i Finland. Denne semifinalen måtte ho gjennom fordi Noreg sitt bidrag i 2006 ikkje kom blant de ti beste. Guri Schanke fekk for få stemmer til å gå vidare til hovudfinalen.

Guri Schanke var gift med Øivind Blunck frå 1991 til 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]