Ørstabunaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørstabunaden: Kjolen m/lomme

Ørstabunaden er ein bunad for Ørsta på Søre Sunnmøre. Omtalen her gjeld for kvinnebunaden, men det finst òg ein herrebunad og ein jentebunad.

Bunadsnemnda[endre | endre wikiteksten]

Etter at det i lang tid hadde det vore samla inn tekstilar og gamle broderi i bygda, vart kvinnebunaden ferdig utarbeidd i 1946-47 av Nemnda for Ørstabunaden. Sentralt i arbeidet var ørstakvinnene Mina Velle, Johanne Bøe, Signe Garmo, Elisabeth Krøvel og Nicco Ørstavik. Resultatet av arbeidet deira vart summert opp i eit brev[1] frå 1947. Kunstmålar Karl Straume var med på arbeidet med å teikne ut rosene etter dei gamle mønstrene.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Særmerkt for Ørstabunaden er at han ikkje har forkle, der dei ni store rosene er brodert nede på sjølve skjørtet. Ein meinte at frå gamalt var det ikkje brukt forkle med prydsaum i Ørsta, derimot sa dei gamle at stakken var blå og krota derpå. Difor har ikkje bunaden forkle.

Bunaden skal vere i svart eller mørkt blått ullstoff, og det høyrer til ei kollehuve og ein kep som er utarbeidd etter det ein før kalla kyrkjekåpe. Bunadskjolen er utforma i tradisjonell «sunnmørs-stil».

Prydsaumen på bunaden er utarbeidd etter eit rikt utval av gamle mønster og blir nytta slik: brodert bord rundt stakken nede, broderte roser på ryggstykket, livstykket, lomme og belte. Til prydsaumen er det nytta ulltråd i 10 fargar, og desse er kopiert så godt som råd er etter gamle broderi.

For brodéring av Ørstabunaden vert det nytta fem typer broderi-teknikkar: kvitsaum, kjedesting, silkesting, plattsaum, kontursting og knutesting (det er rekna som valfritt om ein vil brodére med knutar, eller nytte kvite perler).

Tilbehøyr[endre | endre wikiteksten]

Av bunadsølv er særskilt utarbeidd for ørstabunaden ein halsknapp og mansjett-knappar, etter mønster frå ein knapp som i si tid vart laga av ein smed frå Brekke i Ørsta. Ei ny sølje er laga spesielt for Ørstabunaden, med motiv frå broderiet på bunaden. Lommelåsen er i messing, og er forma etter ein gamal (1809) lås frå Moe i Ørsta.

Ørstaskjorta[endre | endre wikiteksten]

Skjorta til Ørstabunaden skal ha holsaumfald på erme-linningane, rundt om halsen og i opninga framme. På skulderlaskane har skjorta kvitt broderi. Skjortesoffet skal vere i 18-tråds heil-lin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brevet frå 1947 Arkivert 2016-02-16 ved Wayback Machine. Den første bunadsnemnda

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]