Østre Porsgrunn kyrkje
Østre Porsgrunn kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Haavard T. Gjestland | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Skien | ||
Sokn | Porsgrunn | ||
Fellesråd | Porsgrunn | ||
Arkitekt | Espen Surnevik og Trodahl arkitekter | ||
Innvigd | 15. september 2019 | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
![]() Østre Porsgrunn kyrkje 59°08′10″N 9°38′52″E / 59.136111°N 9.647778°E | |||
Wikimedia Commons: Østre Porsgrunn kirke |
Østre Porsgrunn kyrkje er ei kyrkje i Porsgrunn kommune i Telemark. Kyrkja erstatta ei kyrkje frå 1760 som vart tend på og brann ned til grunnen natt til 11. april 2011.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Det var ulike oppfatningar i Porsgrunn om kyrkja burde byggjast opp som ein kopi av gamlekyrkja eller som ei moderne kyrkje ut frå behov og funksjonar.[1][2] Det gjekk ein aksjon over fleire år for å få oppført ein rekonstruksjon av kyrkja som brann,[3] men mellom aktive medlemmar i kyrkjelyden ønska dei fleste ei moderne kyrkje.[4] Dette vart òg vedteke av Porsgrunn kyrkjelege fellesråd, som hadde ansvar for bygging av ny kyrkje.
Kyrkjebygg
[endre | endre wikiteksten]Den nye kyrkja vart teikna av arkitekt Espen Surnevik og Trodahl arkitekter. Bygget vert gjerne omtala som «porselenskyrkja», ettersom ho skulle kles utvendig med fliser som skulle minne om porselen.[5] Tor Entreprenør vart tildelt byggjeoppdraget,[6] og arbeidet byrja i desember 2017. Det nye kyrkjebygget stod ferdig hausten 2019 og vart innvigd den 15. september 2019.[7]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ronny Spaans: Når eit symbolbygg brenn, Dag og Tid, 19. april 2013
- ↑ Alf Gjøsund: Brennhet debatt etter kirkebranner, Vårt Land, 15. mai 2014.
- ↑ Komiteen for Gjenoppføring: Kirken opp! Arkivert 2020-08-15 ved Wayback Machine.
- ↑ Porsgrunn menighetsblad, juni 2014 Temanummer om ny kirke Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- ↑ Filip Wennerød: – Kult med porselenskirke Porsgrunns Dagblad, 1. juli 2015
- ↑ Østre Porsgrunn kirke Arkivert 2019-10-20 ved Wayback Machine. Produktfakta
- ↑ Kirkeblad for Porsgrunn Arkivert 2019-11-07 ved Wayback Machine. nr. 4/2019, s. 11.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ørnulf Paulsen: «Oppstandelseskirke med lyset som tema» og «Inspirert av lyset», i Kirkeblad for Porsgrunn Arkivert 2019-11-07 ved Wayback Machine. nr. 4/2019, s. 12–14
- Christian Aarhus: Arkitekten tror skeptikerne vil snu - nye Østre Porsgrunn kirke reiser seg (Byggeindustrien, 11. april 2019)
- Porsgrunn menighet: Bilder fra prosessen mot ny kirke Arkivert 2019-10-20 ved Wayback Machine.
- Vår Land mener: Nye Østre Porsgrunn kirke er storslått og fascinerende (Vårt Land 15. september 2019)
- Åpner my og moderne kirke etter brannen — Jeg nekter å sette mine bein i den nye kirka (NRK 13. september 2019)