Nenset kyrkje
Utsjånad
| Nenset kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Jan-Tore Egge (2012) | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Skien | ||
| Sokn | Gimsøy og Nenset | ||
| Fellesråd | Skien | ||
| Arkitekt | Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas | ||
| Material | betong | ||
| Innvigd | 17. desember 1961, 19. januar 1997 | ||
| Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
| Altartavle | Siri Gjesdal, 1998 | ||
| Sitjeplassar | 400 | ||
![]() Nenset kyrkje 59°10′05″N 9°37′47″E / 59.16805556°N 9.62972222°E | |||
| Wikimedia Commons: Nenset kirke | |||
Nenset kyrkje er ei arbeidskyrkje i Skien kommune, Telemark.
Kyrkja vart oppført i to byggjetrinn, det første etter teikningar av Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas. Det omfatta det som no er forsamlingssal for kyrkjelyden, og vart vigsla i 1961. Trinn 2 vart oppført i 1996 etter teikningar av Tor Arild Danielsen og vigsla 19. januar 1997. Det omfattar den eigentlege kyrkjesalen. Kyrkja har 400 sitjeplassar.[1]
Altartavla er eit tekstilarbeid av Siri Gjesdal, og kyrkja har eit digitalt Johannus-orgel frå 2007 med 21 stemmer.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Henriksveen, Herman, red. (1986). Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 22-23. ISBN 82-90695-00-4.
- Gimsøy og Nenset sokn
- Nenset kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Nenset kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
