Gulset kyrkje
Utsjånad
| Gulset kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Skien | ||
| Sokn | Gulset | ||
| Fellesråd | Skien | ||
| Type | arbeidskyrkje | ||
| Arkitekt | Hille Melbye Arkitekter, Børve og Borchsenius | ||
| Material | teglstein (i fasaden) | ||
| Innvigd | 1986 / 22. mars 2009 | ||
| Kyrkjegard | nei | ||
| Orgel | Johannus (digitalt) | ||
| Sitjeplassar | 270–500 | ||
| Diverse | Utsmykka av Borgny Svalastog. | ||
![]() Gulset kyrkje 59°13′03″N 9°34′01″E / 59.2176°N 9.567°E | |||
| Wikimedia Commons: Gulset kirke | |||
Gulset kyrkje er ei arbeidskyrkje i Skien kommune i Telemark.
Kyrkja er oppført i to trinn. Arkitekt for første byggetrinn (innvigd 1986) var Hille Melbye Arkitekter, medan Børve og Borchsenius ved Reidar Aasen stod for trinn 2 (innvigd 22. mars 2009). Kyrkja har hovudsakleg teglstein i fasaden.
Det er 270 sitjeplassar i sjølve kyrkjesalen, men dette kan utvidast til 500 med tilstøytande rom.[1] Kyrkja er utsmykka av Borgny Svalastog. Komplekset husar òg kontor og barnehage.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Gulset kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 34-35. ISBN 82-90695-00-4.
- Gulset kirke
- Skien kyrkjelege fellesråd
- «Gulset kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Børve og Borchsenius
- Borgny Svalastog Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine.
Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
