Solum kyrkje
Utsjånad
| Solum kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Skien | ||
| Sokn | Solum | ||
| Fellesråd | Skien | ||
| Type | langkyrkje | ||
| Arkitekt | Joen Jacobsen (byggm.) | ||
| Teknikk | lafteverk | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 5. juli 1766 | ||
| • Endringar | M.a. 1830-talet, 1896, 1902, 1957–59 | ||
| Tårn | i vest | ||
| Kor | rett avslutta | ||
| Klokker | 2: frå mellomalderen og 1747 | ||
| Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
| Preikestol | 1674 | ||
| Døypefont | 1766 | ||
| Orgel | J.H. Jørgensen, 1959 | ||
| Sitjeplassar | 205[1] | ||
![]() Solum kyrkje 59°10′24″N 9°33′31″E / 59.17341667°N 9.55863889°E | |||
| Wikimedia Commons: Solum kirke | |||
Solum kyrkje er ei langkyrkje frå 1766 i Skien kommune i Telemark.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Joen Jacobsen. I 1830-åra bles tårnet ned, og nytt og lågare tårn vart oppført i 1833. Det var gjort høgre i 1902 og endra til den opphavlege framtoninga i 1959. Interiøret vart måla over og endra i 1896, og i 1957–59 vart kyrkja restaurert etter planar av Ragnar Nilsen.
Altartavla har eit bilete av Kristi himmelfart som er kopiert etter eit bilete i Helligaandskirken i København måla Hendrik Krock. På galleriet er den såkalla Løvenskioldstolen, ein lukka stol som prestefamilien tok over då Løvenskioldfamilien flytta frå staden.
Bilete frå kyrkja
[endre | endre wikiteksten]- Kor med altartavle. Til venstre er Løvenskioldstolen med måla våpenskjold og til høgre preikestolen med himling
- Altartavla er inspirert av denne tavla måla av hoffmålar Hendrik Krock i Helligaandskirken i København
- Kristussol i tønnekvelvinga
- Døypefont av tre
- Alliansevåpen for Anne Deichman og Jacob Rasch frå veste del av kyrkjerommet. Deichmann med liljer og Rasch med allegoriske våpenfigurar: piler og sniglehus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Solum kirke 200 år. Skien: Solum menighetsråd. 1966.
- Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). «Solum kirke». Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 150-153. ISBN 82-91399-10-7.
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Solum kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 14-15. ISBN 82-90695-00-4.
- Skien kyrkjelege fellesråd
- «Solum kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Referanse
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kyrkjesøk
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Solumkirkene Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 501. ISBN 82-7527-022-7.
- Solum kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
