Skien kyrkje
Utsjånad
| Skien kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Rune Mathisen | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Skien | ||
| Sokn | Skien | ||
| Fellesråd | Skien | ||
| Type | krosskyrkje | ||
| Arkitekt | Hagbarth Schytte-Berg | ||
| Teknikk | mur | ||
| Material | teglstein | ||
| Innvigd | 31. august 1894 | ||
| • Endringar | Restaurert 1920–22, 1961–66, 1969–70, 1985–87, frå 2004 | ||
| Tårn | tvillingtårn i søraust, 68 meter høge | ||
| Klokker | 4, støypt i Tyskland | ||
| Kyrkjegard | Lie kyrkjegard nordvest for kyrkja | ||
| Orgel | J.H. Jørgensen, 1954 | ||
| Sitjeplassar | 800[1] | ||
| Diverse | Glasmåleri utført av Hemmersdorf & Co | ||
![]() Skien kyrkje 59°12′38″N 9°36′22″E / 59.21049001°N 9.60605264°E | |||
| Wikimedia Commons: Skien kirke | |||
Skien kyrkje er ei krosskyrkje frå 1894 i Skien kommune i Telemark.
Skien har hatt kyrkje sidan mellomalderen, og den førre kyrkja, som var frå 1783, brann i den store bybrannen i 1886. Dagens kyrkje vart teikna av Hagbarth Schytte-Berg, som vann ein arkitektkonkurranse.

Foto: Rune Mathisen
Skien kyrkje er ei monumental kyrkje som ein lett kan ta for å vere domkyrkje, men ho er «berre» prostikyrkje. Forma er som ein latinsk kross, og kyrkja kan seiest å vere eit utstillingsvindauge for norsk fasade- og dekorstein. Dette er ikkje uproblematisk. Det har vore naudsynt å restaurere fasaden ei rekkje gonger, og det har òg vore problem med fundamenteringa.
Næraste kyrkjegard er Lie kyrkjegard, om lagt hundre meter nordvest for kyrkja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kullerud, Erik (1994). Skien kirke 1894-1994. Skien: Skien menighetsråd / Selskapet for Skien bys vel. ISBN 82-91427-01-1.
- Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 172-175. ISBN 82-91399-11-5.
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Skien kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 10-11. ISBN 82-90695-00-4.
- Skien kyrkjelege fellesråd
- Kirkesøk
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Skien kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Skien kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
