Øystein Bjørdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystein Bjørdal
Fødd 24. august 1948 (72 år)
Ørsta
Yrke prest, skribent

Øystein Bjørdal (fødd 24. august 1948 i Ørsta) er ein norsk prest, prestelærar, forfattar og salmediktar.

Bjørdal fullførte embetseksamen innan teologi ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1976. Frå 1977 var han residerande kapellan i Førde prestegjeld, frå 1987 sokneprest i Lilleborg i Oslo, og frå 1991 førstelektor innan praktisk teologi ved Menighetsfakultetet. Frå 1991–2001 var han medredaktør for prestebladet Luthersk Kirketidende. I perioden 1997–2000 hadde han permisjon frå Menighetsfakultetet og arbeidde som studierektor ved Liturgisk senter i Trondheim. Han har vore domprost i Molde sidan 2002.

Bjørdal har vist særleg interesse for liturgi og kyrkjesong i tenesta si, og har vore leiar både for Norges Kirkesangforbund og Nemnd for gudstenesteliv i Den norske kyrkja. Elles har han i fleire periodar fungert som biskop i Møre bispedømme, og han var kandidat til å verte biskop i Stavanger i 2009.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 – Lex Orandi, Lex Credendi. A lutheran approach to liturgical theology (Minnesota: Luther Northwestern Theological Seminary).
  • 1986 – Tro og tilbedelse. Skisser til en liturgisk teologi (Oslo: Verbum).
  • 1989 – Ny ordning for høymessen (Oslo: PF. Redaktør).
  • 1989 – Mellom skapelse og gjenløsning. Gudstjenesten i fokus (Oslo: Den norske kirkes presteforening. Saman med Jørn Fevang).
  • 1994 – Engelen ved din side (Oslo: Verbum. Saman med Olav Skjevesland. 2. utgåve kom i 2009).
  • 1995 – I vesterveg. På spor etter røttene til 1000-års-jubileet for kristningen av Norge (Oslo: Luther forlag. Redaktør).
  • 1999 – Kilden og veiene. En praktisk pilegrimsteologi (Trondheim: Tapir. Redaktør saman med Brita Hardeberg).
  • 2001 – Helse, liv og mot. Om ritualer og symboler i hverdag og helse (Trondheim: Tapir).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]