Magnus II av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For sonen til Harald Gille, sjå Magnus Haraldsson (1135).
Magnus Haraldsson
Regjeringstid10661069
Fødd1048
Død28. april 1069
DødsstadNidaros
FøregjengarHarald Hardråde
EtterfølgjarOlav Kyrre
FarHarald Hardråde
MorTora Torbergsdotter
BornHåkon Magnusson Toresfostre

Magnus Haraldsson (104828. april 1069), seinare kjend som Magnus II av Noreg, var konge av Noreg frå 1066 til 1069. Det meste av tida var han samkonge med broren Olav Kyrre. Magnus Haraldsson blei først teken med i den norske kongerekkja i moderne tid, ettersom han hadde eit svært kort styre.

Magnus Haraldsson var den eldste sonen til Harald Hardråde. Han blei innsett som konge då faren drog på englandstokt med den andre sonen sin, Olav Kyrre. Etter at Harald Hardråde fall ved Stamford bru kom Olav Kyrre tilbake til Noreg i 1067 og blei samkonge med Magnus. Dei verker som dei to delte kongsansvaret mellom seg på vennskapleg vis.

Magnus døydde berre 20 eller 21 år gammal, og broren fortsette ved makta. Sogene seier dødsårsaken var ringorm, men seinare syn er at han døydde av meldrøyeforgifting.

Håkon Magnusson var sonen til Magnus som truleg blei fødd same året som han døydde. Håkon blei seinare samkonge med syskenbarnet Magnus Berrføtt, men også han døydde ung.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]