1110
Utsjånad
1108 | 1109 | 1110 | 1111 | 1112 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1110 (romartal MCX) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 5. mai: Måneformørking der månen blei totalt mørk (i følgje Peterborough Chronicle), på grunn av eit tidlegare vulkanutbrot som spreidde aerosolar i atmosfæren på jorda, og dermed skugga for jordskin.[1]
Etter stad
[endre | endre wikiteksten]Sør-Asia
[endre | endre wikiteksten]Levanten
[endre | endre wikiteksten]- Våren - Mawdud ibn Altuntash, den tyrkiske herskaren (atabeg) av Mosul, leidde ein ekspedisjon for å fanga territoriene til korstfararane (som tilhøyrde Edessa-provinsen) aust for elva Eufrat. Han omleira festningsbyen Edessa, men blei tvinga til å trekka seg tilbake då kong Balduin I av Jerusalem (med støtte frå armenske styrkar sende av Kogh Vasil) kom til med ein hjelpestyrke av krossfararar.[2]
- februar-mai - Krossfararar under Balduin I omleira Beirut. Genovesiske og pisanske skip blokkerte hamna; fatimide-skip frå Tyr og Sidon prøvde bryta blokaden utan å lykkast. Fatimideguvernøren flykta til Kypros. Den 13. mai tok Baldwin byen ved vald, og italienarane utførte ein massakre av innbyggjarane.[3]
- Oktober-desember - Krossfararar under Balduin I (støtta av kong Sigurd I) omleira Sidon. Norske skip blokkerte hamna, men blei nesten fordrivne av ein mektig fatimideflåte frå Tyros. Dei blei frela då ein venetiansk eskadron under doge Ordelafo Faliero kom til staden. Den 4. desember kapitulerte byen til Balduin.[4]
- desember - Tancred, den italiensk-normanniske prinsen av Galilea, fekk kontroll over krossfararsborga Krak des Chevaliers i Syria. Han blei regent i Antiokia i namnet til fetteren sin Bohemond II.
Europa
[endre | endre wikiteksten]- Henrik V av Tyskland, invaderte Italia med ein stor hær og slutta ein avtale med pave Paschalis II ved Sutri. Henrik avstod frå retten til investitur (ein tvist paven hadde hatt med Henrik IV). I bytte lova Paschalis å krona han til keisar og å gjenoppretta det heilage romerske riket i alle land som var gjevne til den tyske kyrkja (sidan tida til Karl den store).[5]
- 25. juli: Henrik V gifta seg med den åtte år gamle Matilda, dottera til kong Henrik I av England. Ho blei krona til dronning av romarane ved ei seremoni i Mainz. Etter trulovinga blei Matilda sett under vernet til Bruno, erkebiskopem av Trier, som fekk i oppdrag å undervisa henne i tysk kultur, skikk og regjering.[6]
- Hertugdømmet i Bøhmen blei trygga for Vladislaus I etter at Svatopluk («løva») døydde. Vladislaus fekk støtte frå Henrik V, og regjerte til 1125.
- Almoravidane under sultan Ali ibn Yusuf okkuperar Zaragoza (i noverande Spania), og dermed kom alle dei muslimske statane i Andalusia under almoravidisk kontroll.
- Kong Henrik I utførte utbetringar av Windsor Castle, inkludert med eit kapell, slik at han kunne bruka slottet som formell residens.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Luitgard av Salzwedels, dronning av Danmark 1144–1146, gift med Erik Lamm.
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Inge den eldre, konge av Sverige
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sébastien Guillet; et al. (Apr 21, 2020). «Climatic and societal impacts of a "forgotten" cluster of volcanic eruptions in 1108-1110 CE». Scientific Reports 10 (1): 6715. PMC 7174372. PMID 32317759. doi:10.1038/s41598-020-63339-3.
- ↑ Steven Runciman (1952). A History of the Crusades. Vol II: The Kingdom of Jerusalem, p. 93. ISBN 978-0-241-29876-3.
- ↑ Steven Runciman (1952). A History of the Crusades. Vol II: The Kingdom of Jerusalem, p. 74. ISBN 978-0-241-29876-3.
- ↑ Steven Runciman (1952). A History of the Crusades. Vol II: The Kingdom of Jerusalem, pp. 74–75. ISBN 978-0-241-29876-3.
- ↑ Comyn, Robert (1851). History of the Western Empire, from its Restoration by Charlemagne to the Accession of Charles V. Vol I.
- ↑ Chibnall, Marjorie (1991). Matilda of England (1102–1167), Empress, Consort of Henry V. Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, retrieved 22 December 2013.
<< 1100 | 1101 | 1102 | 1103 | 1104 | 1105 | 1106 | 1107 | 1108 | 1109 | 1110 | 1111 | 1112 | 1113 | 1114 | 1115 | 1116 | 1117 | 1118 | 1119 | 1120 | 1121 | 1122 | 1123 | 1124 | 1125 | 1126 | 1127 | 1128 | 1129 | 1130 | 1131 | 1132 | 1133 | 1134 | 1135 | 1136 | 1137 | 1138 | 1139 | 1140 | 1141 | 1142 | 1143 | 1144 | 1145 | 1146 | 1147 | 1148 | 1149 | 1150 | 1151 | 1152 | 1153 | 1154 | 1155 | 1156 | 1157 | 1158 | 1159 | 1160 | 1161 | 1162 | 1163 | 1164 | 1165 | 1166 | 1167 | 1168 | 1169 | 1170 | 1171 | 1172 | 1173 | 1174 | 1175 | 1176 | 1177 | 1178 | 1179 | 1180 | 1181 | 1182 | 1183 | 1184 | 1185 | 1186 | 1187 | 1188 | 1189 | 1190 | 1191 | 1192 | 1193 | 1194 | 1195 | 1196 | 1197 | 1198 | 1199 >>