Muslimsk tidsrekning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Muslimsk tidsrekning følgjer hidjra-kalenderen, ein månekalender fastsett av Muhammed. Tidsrekninga byrjar det året Muhammed og følgjesveinane hans drog frå Mekka til Medina (hidjra), år 622 etter vestleg tidsrekning. Etter muslimsk tidsrekning byrja året 1431 kvelden 18. desember 2009 og vil slutta om lag 6. desember 2010.

Det muslimske året er eit reint måneår og inneheld tolv månader som svarar til månesyklusar med utgangspunkt i nymåne. Året er ikkje synkronisert med årstidene, og flytter seg 11–12 dagar i høve til kvart solår.

Månadane heiter:

  1. Muharram محرّم
  2. Safar صفر
  3. Rabi' al-awwal (rabī' I) ربيع الأول
  4. Rabi' al-thani (eller rabī' al-akhir) (rabī' II) ربيع الآخر أو ربيع الثاني
  5. Jumada al-awwal (jumādā I) جمادى الاولى
  6. Jumada al-thani (eller jumādā al-akhir) (jumādā II) جمادى الآخر أو جمادى الثاني
  7. Rajab رجب (eller rajab al murajab)
  8. Sha'aban شعبان (eller sha'abān al moazam)
  9. Ramadan رمضان (eller ramzān, langt namn ramaḍān al mubarak)
  10. Shawwal شوّال (eller shawwal al mukarram)
  11. Dhu al-qi'dah ذو القعدة
  12. Dhu al-hijjah ذو الحجة

Kjelder[endre | endre wikiteksten]