120 Days

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
120 Days

Ein av medlemmene i 120 Days under ein konsert i Paris i 2007.
OpphavKristiansund
Aktiv2001 -
SjangerElektronika, Pønk, Rock
PlateselskapPublic Demand, Smalltown Supersound
MedlemmerJonas Hestvik Dahl
Kjetil Ovesen
Arne Schrøder Kvalvik
Ådne Meisfjord
PrisarSpellemannprisen i rock, Spellemannprisen for årets nykommer, Rockprisen

120 Days er ei norsk musikkgruppe som starta opp i 2001 under namnet The Beautiful People. Medlemmene er alle saman oppvaksne i Kristiansund, men flytte til Oslo i 2002. I 2003 vart The Beautiful People både eitt av vinnarbanda i Zoom Urørt, og dei var blant finalistane i Årets UrørtNRK P3. Dei gav ut to EP-ar for plateselskapet Public Demand i 2004 før dei signerte kontrakt med Smalltown Supersound. I 2005/2006 opptrådte bandet under namnet Sex Beat, av di det var fleire utanlandske band som kalla seg The Beautiful People. Frå og med sommaren 2006 vart gruppa heitande 120 Days.

Debutalbumet 120 Days vart utgjeve 10. oktober 2006 i NoregSmalltown Supersound, seinare også i USA og Japan. Albumet vart svært godt motteke i Noreg, og vann Spellemannprisen 2006 både i klassa Rock og i klassa Årets nykomar. Bortsett frå ei singelutgjeving har ikkje 120 Days gjeve ut noko meir til no sidan 2006.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sedated Times (2004), EP
  • The Beautiful People EP (2004), EP
  • 120 Days (2006), Studioalbum
  • Come Out, Come Down, Fade Out, Be Gone (2006), singel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]