330 skvadron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk Sea King redningshelikopter under heisoperasjon.

330 skvadron er ein del av Luftforsvaret i Noreg. Skvadronen vart opphavleg oppretta under andre verdskrigenIsland i 1941 og er den eldste operative flyskvadronen som framleis er i teneste. I dagens form vart skvadronen oppretta i 1973, etter å ha vore lagt ned og retta opp igjen fleire gonger. Han har sidan 1973 vore operatør av redningshelikoptera til staten og har som hovudoppgåve å gjennomføra søk- og redningsoppdrag, med ambulanseflyging, katastrofehjelp og spesialoperasjonar som sekundære oppgåver. 330 skvadron er ein av fleire skvadronar som høyrer inn under 139 Luftving ved Bardufoss flystasjon, men leiinga av 330 skvadron er stasjonert på Sola flystasjon.

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

330 skvadron har fem avdelingar plassert i Banak, Bodø, Ørland, Sola og på Rygge. Sidan september 2009 opererer skvadronen Florø som detasjement, det vil seia at det ikkje er fast mannskap på denne basen, men at mannskap frå andre avdelingar delar på vaktbelastninga.

Helikopter[endre | endre wikiteksten]

Sea King[endre | endre wikiteksten]

Skvadronen har 12 helikopter av typen Westland Sea King, fordelt på dei fem avdelingane i Noreg. Dei er godt utstyrte og rusta for oppgåvene dei skal gjere. Helikoptera blir brukte i alle moglege redningsoppdrag – alt frå å hente fjellklatrarar til personar i forliste båtar.[1]

Sea King har lang rekkjevidde og er utstyrte med to radarar, radioar og radiopeilarutstyr​​ for alle frekvensar. I eit søk brukar ein også søkjelys, infraraudt (varmesøkjande) kamera og nattbriller.[1]

Forsvaret drifter helikoptera, men Justis- og beredskapsdepartementet er ansvarleg for redningshelikoptertenesta. Departementet eig dessutan Sea King-helikoptera og står for disponeringa. Hovudbasen for helikoptera er Bodø.

Nye helikopter[endre | endre wikiteksten]

Nytt redningshelikopter framvist under Sola Airshow i 2017, før helikopteret vart sett inn i ordinær teneste.

Dagens redningshelikopter er planlagd erstatta av 16 nye helikopter av typen AgustaWestland AW101. Overgangen vil skje gradvis i perioden 2018-2021. Det nye redningshelikopteret er langt betre rusta til å takle norske vêr- og vindhøve, med auka lasteevne og rekkjevidde. Avanserte søkjesystem vil i tillegg gjere redningstenesta betre i stand til å løyse oppdrag.[2]

Dei nye helikoptera vil ha ei besetning på 6 personar, og kapasitet til 25 passasjerar. Rekkevidde er 266 nautiske mil (omlag 500 kilometer).[2]

Besetning[endre | endre wikiteksten]

Den vanlege besetninga på dagens Sea King-helikopter ved oppdrag er to flygarar, ein systemoperatør (navigatør), ein maskinist (heiseoperatør), ein redningsmann og ein anestesilege. Besetninga er tilsett i Forsvaret medan dei regionale helseføretaka i dag er ansvarlege for legetenesta. På Rygge har Helse Sør-Øst ansvar for legedrifta. På Sola har Helse Vest, på Ørland har Helse Midt, og i Bodø og Banak har Helse Nord ansvar for legetenesta.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Forsvaret, «Sea King», forsvaret.no (på bokmål), henta 2019-03-30 
  2. 2,0 2,1 Forsvaret, «AW101», forsvaret.no (på bokmål), henta 2019-03-30 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Duvsete, Steinar Luftforsvarets historie, Bind 3 Kalde krigere og barmhjertige samaritaner, Oslo 2004, ISBN 82-03-22071-1
  • Strand, Birger M mfl Sola flystasjon, Sola 2002
  • Helgesen, Jan-Petter Start rotoren, Helikopterets plass i norsk luftfart, Stavanger 1991