A Grounding in Numbers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Grounding in Numbers
Studioalbum av Van der Graaf Generator
Utgjeve 14. mars 2011
Innspelt 3–9. april 2010
Studio Propagation House i Holsworthy i Devon i England
Sjanger Progressiv rock, matterock, elektronisk rock
Lengd 48:50
Selskap Esoteric Recordings
Produsent Van der Graaf Generator
Van der Graaf Generator-kronologi 
Trisector
(2008)
A Grounding in Numbers ALT
(2012)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Classic Rock8/10 stars [1]
Mojo4/5 stars [2]
Sunday Times3/5 stars [3]
Uncut3/5 stars [4]

A Grounding in Numbers er det 11. studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Van der Graaf Generator. Det kom ut 14. mars 2011. Denne datoen, skriven på amerikansk vis med månaden først, er 3.14, som er dei første tre tala i π. Det andre sporet, «Mathematics», syner til Euler-likskapen, stundom kjend som det matematiske diktet. Albumet held fram den musikalske retninga som trioen byrja med på det førre albumet, men er gjeven ut på eit nytt selskap, Esoteric Recordings. Albumet vart miksa av Hugh Padgham.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Førebuingar for arbeidet med det nye albumet byrja seint i 2008 og tidleg i 2009, då bandmedlemmane byrja å samle songfragment og utveksle «idear, teoriar, reglar og retningslinjer».[5] I april 2010 møttest bandet for nokre intensive innspelingsdagar i Cornwall der heile albumet vart arrangert, innøvd og innspelt i løpet av ei veke. Over dei neste månadane vart spora overdubba, redigert og tilpassa av bandmedlemmane i sine eigne studio ved å utveksle filer over internett og på CD-R. I september 2010 var materialet klart til å miksast og dei tok kontakt med Hugh Padgham. Etter tre veker i studioet hans i London, Sofasound, var albumet klart.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Hugh Banton, Guy Evans og Peter Hammill..

Nr.TittelLengd
1.«Your Time Starts Now»4:15
2.«Mathematics»3:38
3.«Highly Strung»3:36
4.«Red Baron» (instrumental)2:23
5.«Bunsho»5:03
6.«Snake Oil»5:21
7.«Splink» (instrumental)2:37
8.«Embarrassing Kid»3:07
9.«Medusa»2:12
10.«Mr. Sands»5:22
11.«Smoke»2:30
12.«5533»2:42
13.«All Over the Place»6:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Van der Graaf Generator

Kjelder[endre | endre wikiteksten]