Elektronisk rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elektronisk rock er ein musikksjanger som omfattar ein kombinasjon av rock og elektronisk musikk, med instrument som ein typisk finn innanfor begge sjangrane. Stilen oppstod seint i 1960-åra, då rockeband som The United States of America, White Noise og Gong byrja å nytte elektroniske instrument i rocken sin.[2] Andre artistar som var tidleg ute med å blande synthesizerar og musique concrète-teknikkar med rockeinstrumentering var mellom andre Silver Apples, Fifty Foot Hose, Syrinx, Lothar and the Hand People, Beaver & Krause og Tonto's Expanding Head Band.[3]

I 1970-åra dukka tyske «krautrock-band» som Neu!, Kraftwerk, Can og Ash Ra Tempel opp og utforska grensene til rocken ved å bruke elektroniske instrument.[4] Sidan seint i 2000-åra har elektronisk rock vorte stadig meir populært.[5] Elektroniske rockeartistar blandar vanlegvis element frå andre musikkstilar, som punkrock, industriell rock, hip hop, techno og synth-pop, som har skapt ei rekkje undersjangrar som indietronica, dance-punk og electroclash.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Electronic Rock : On the History of Rock Music». Henta 25. juli 2020. 
  2. Reynolds, Simon. «King of the Cosmos». The Observer. Henta 25. juli 2020. 
  3. Reynolds, Simon. «Synthedelia: Psychedelic Electronic Music in the 1960-åra». Red Bull Music Academy. Henta 25. juli 2020. 
  4. Demby, Eric. «OLD NEU! Albums Finally Coming Stateside». MTV News. Henta 25. juli 2020. 
  5. Kearney, Mary Celeste (13. juli 2017). «Gender and Rock». Oxford University Press. Henta 25. juli 2020 – via Google Books.