(I'd Be) A Legend in My Time
| (I'd Be) A Legend in My Time Singel av Ronnie Milsap frå albumet A Legend in My Time | ||
| Utgjeve | 1974 | |
| Sjanger | Country | |
| Lengd | 2:55 | |
| Selskap | RCA | |
| Låtskrivar(ar) | Don Gibson | |
|---|---|---|
| Produsent | Tom Collins, Jack D. Johnson | |
| Ronnie Milsap-kronologi | ||
| «Please Don't Tell Me How the Story Ends» (1974) |
(I'd Be) A Legend in My Time | «Too Late to Worry, Too Blue to Cry» (1975)
|
«(I'd Be) A Legend in My Time» er ein song skriven og framført av Don Gibson i 1960. Han vart gjeven ut som B-sida til hitten «Far Far Away» frå albumet Sweet Dreams. Gibson spelte inn songen på ny i 1972 for albumet Country Green.
Roy Orbison spelte inn songen i 1961 for albumet Lonely and Blue. Orbison spelte seinare inn ein ny versjon i 1967 på albumet hans av Don Gibson-songar kalla Roy Orbison Sings Don Gibson.
Songen vart spelt inn i 1974 av Ronnie Milsap og gjeven ut som den første singelen hans frå albumet A Legend in My Time. Dette vart den sjette countryhitten til Ronnie Milsap og den tredje som nådde toppen av countrylista i USA.[1]
Songen er spelt inn av mange andre artistar, som regel som «A Legend in My Time». Versjonar er spelte inn av Connie Francis, Johnny Cash (på albumet American V: A Hundred Highways), Timi Yuro, Frank Ifield, The Everly Brothers, B.B. King, Hank Snow, Waylon Jennings, Rick Nelson, Dottie West, Dolly Parton, Paul Anka, Joan Baez og Ray Price.
|
If loneliness meant world acclaim
Don Gibson (1960) |
Read more: Don Gibson - I'd Be A Legend In My Time Lyrics | MetroLyrics
Lister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1974-1975) | Plassering |
|---|---|
| U.S. Billboard Hot Country Singles | 1 |
| Canadian RPM Country Tracks | 1 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «(I'd Be) A Legend in My Time» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 232.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1960
- Singlar frå 1974
- Songar skrivne av Don Gibson
- Don Gibson-songar
- Ronnie Milsap-songar
- Roy Orbison-songar
- Johnny Cash-songar
- Connie Francis-songar
- The Everly Brothers-songar
- B.B. King-songar
- Hank Snow-songar
- Waylon Jennings-songar
- Rick Nelson-songar
- Dottie West-songar
- Dolly Parton-songar
- Paul Anka-songar
- Joan Baez-songar
- Ray Price-songar
- RCA Records-singlar
- Sentimentale kjærleikssongar