Aage Vestøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aage Vestøl


Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1922
Arendal
Død

30. mars 2008 (85 år)

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1950, Sjakk-OL 1952, Sjakk-OL 1954, Sjakk-OL 1956, Sjakk-OL 1958

Aage Vestøl (24. desember 192230. mars 2008) var ein norsk sjakkspelar, Noregsmeister i sjakk i 1949.

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Aage Vestøl var fødd i Arendal og voks opp i Kolbotn, der han i 1932 vart medlem i Kolbotn Sjakklubb. Det var heilt uvanleg med så unge spelarar på den tida. Den sterke sjakkspelaren Georg Christiansen - bestefar til stormeister Berge Østenstad - var kollega til far til Aage Vestøl, og vart læremeister for den unge Aage Vestøl. Aage Vestøl var i så måte det næraste ein kom eit norsk sjakk-vedunderbarn på den tida, med opprykk til øvste klasse i Noregsmeisterskapen i sjakk som 15-åring i 1938.

Vestøl vann nest øvste klasse i Noregsmeisterskapen i sjakk i 1938, og nest øvste klasse i nordisk meisterskap i sjakk i Oslo i 1939. Den vidare utviklinga hans vart nok hemma av at det ikkje var organisert sjakkspeling under den andre verdskrigen frå 1940 til 1945. Frå slutten av den andre verdskrigen fram til Svein Johannessen sitt gjennombrot i 1959 var Vestøl rekna som Noreg sin nest sterkaste spelar etter Olaf Barda. I denne perioden hadde han seks andreplassar i NM. Første gong allereie i 1946, då Erling Myhre vann stikkampen om NM, og deretter i 1947, 1950, 1951, 1955 og siste gong i 1957[1]. Vestøl blei noregsmeister i sjakk i 1949.[2]

Aage Vestøl deltok fleire gongar i øvste klasse i Nordisk meisterskap i sjakk. Dei beste resultata var tredjeplassar i Ørebro i 1948 og i Reykjavik i 1950.[3]

Aage Vestøl spelte for Noreg i dei fem sjakkolympiadane (lag-VM i sjakk) frå 1950 til 1958 på første- eller andre bord, med til dels svært gode resultat. I 1954 slo han både stormeister i sjakk Svetozar Gligoric og den seinare danske verdsstjerna Bent Larsen, og i 1958 var han nær ved å klare kravet til å bli Internasjonal Meister i sjakk, etter mellom anna å ha spelt remis mot stormeister Samuel Reshevsky, USA.[4]

Aage Vestøl spelte siste gongen i NM si øvste klasse i 1964, og spelte deretter lite turneringssjakk.

Aage Vestøl var medlem av Oslo Schakselskap frå 1934 og til han døydde.

Minneverdige parti[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Øystein Brekke: Norges Sjakkforbund 75 år, 1989, side 102-103
  2. Liste over Noregsmeistrar i sjakk fram til 2003
  3. Øystein Brekke: Nordisk sjakk i 100 år, 1999, side 78 og 83
  4. Olimpbase, resultatfil for Aage Vestøl, arkivert frå originalen 26. oktober 2012, henta 19. juli 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]