Abd al Kuri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abd al Kuri
عبد الكوري
øy
Fotografi av NASA-astronautar
Land  Jemen
Guvernement Hadhramaut guvernement[1]
Del av Socotra Archipelago
Koordinatar 12°11′N 52°14′E
Høgaste punkt Ṣāliḥ[2]
 - høgd 700 moh.
Lengd 36 km
Areal 133 km²
Folketal 450
Folketettleik 3 / km²
Kart
Abd al Kuri
12°10′0″ N 52°13′0″ E
Wikimedia Commons: Abd al Kuri

Abd al Kuri (arabisk skrift عبد الكوري) er ei steinete øy kring 105 km sørvest for Socotra i Indiahavet.[2] Ho er ein del av Socotraøyane[2] i Hadhramaut guvernement i Jemen,[1] men ligg geografisk nærmare Somalia.[2] Øya består av granitt og dioritt dekt av kalkstein.[3]

Mykje av Abd al Kuri er halvørken med lite vegetasjon.[2] To åsrekkjer strekkjer seg langs heile øya.[4] Nordkysten består for det meste av ei sandstrand med nokre få klipper, medan sørkysten består av bratte klipper.[4][5] Det høgaste punktet, Ṣāliḥ, har ei høgd på over 700 meter over havet. Dei fleste innbyggjarane lever av fiske.[2] Den største landsbyen på øya er Kilmia.[6]

Abd al Kuri har fleire endemiske planter[2] og ein endemisk fugl, Abd al-Kuri-sporven, som ein trur det finst færre enn tusen av.[7][8][9]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over Socotraøyane. Abd al-Kuri er nede til venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Abd al Kuri