Abraham Borch
Abraham Borch | |
Fødd | 17. januar 1786 Jevnaker |
Død |
18. november 1847 (61 år) |
Yrke | politikar, prest |
Abraham Borch (17. januar 1786–18. november 1847) var ein norsk prest, stortingsmann og ordførar.
Borch var fødd i Jevnaker, der far hans var gardbrukar. Sjølv vart han student frå Kristiania katedralskule i 1804 og cand. theol. i 1809. 1810-11 var han lærar ved landkadettakademiet, og deretter kapellan i Aker. År 1818 vart han residerande kapellan i Eiker, til sist sokneprest i Kongsberg frå 1825. Frå 1827 også prost. Borch var mange år med i forlikskommisjonen på Kongsberg, og ei tid ordførar.
I 1830 representerte han Kongsberg på Stortinget. Han var formann i trykkingskomiteen, medlem av desisjonskomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.
Borch døydde på Kongsberg i 1847.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Abraham Borch NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv