Adrianopel-traktaten i 1713

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Adrianopel-traktaten vart underteikna i 1713 under den store nordiske krigen.

Den russiske tsaren Peter den store følgde etter Karl XII av Sverige etter det svenske nederlaget i slaget ved Poltava. Karl XII rømde inn i Det osmanske riket, men Peter den store kravde han utlevert. Då sultanen nekta, sende russarane inn ein styrke i Det osmanske riket, men vart fanga av ein langt større osmansk styrke ved elva Prut. Peter den store klarte å forhandle fram denne avtalen om tilbaketrekking, med enkelte territoriale konsesjonar og lovnad om å trekkje styrkane sine ut av Det tysk-romerske riket og la Karl XII vende attende til Sverige i fred. Vilkåra vart lagt ned i Adrianopel. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frost (2000), p. 230