Hopp til innhald

Altranstädt-traktaten i 1707

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl XII av Sverige i Altranstädt 1706-1707, av Johan David Swartz

Altranstädt-traktaten eller Altranstädt-kovnensjonen vart signert mellom Karl XII av Sverige og Josef I av Det tysk-romerske riket den 31. august 1707. Han slo fast rettane til protestantane i Schlesien.

Historisk samanheng

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om reformasjonen hadde påverka Schlesien i stor grad, hadde dei habsburgske keisarane gjort ein motreformasjon i provinsen på 1700-talet.[1] Særleg i Øvre Schlesien var dette ein suksess: tidleg på 1700-talet var nesten halvparten av innbyggjarane i Schlesien katolikkar, og kring 1000 kyrkjer hadde vorte omgjort frå protestantiske til katolske kyrkjer.k[1] Freden i Westfalen (1648) verna berre protestantane i hertugdøma Brieg, Liegnitz, Münsterberg, Öls, Wohlau og i byen Breslau.[1] I hertugdøma Jauer, Glogau og Schweidnitz, fekk protestantane lov til å halde tre «fredskyrkjer» (Friedenskirchen) utanfor bymurane.[1] Etter 1675, vart berre Breslau og hertugdømet Oels spart for motreformasjonen, og «fredskyrkjene» vart oppheva, trass i protestar frå Sverige og protestantiske statar i Det tysk-romerske riket.[2]

Under den store nordiske krigen hadde Karl XII av Sverige marsjert armeen sinn gjennom Schlesien og okkupert Kurfyrstedømet Sachsen, der han tvinga fienden, kurfyrsten August den sterke, inn i Altranstädt-traktaten i 1706.[3]

Under opphaldet i Altranstädt i Sachsen, nær Leipzig, forhandla Karl XII fram ein avtale til med den habsburgske keisaren.[1] Josef I gjekk med på å gje attende fleire kyrkjer til dei protestantiske samfunna og tillet å reise seks «nådekyrkjer».[1] «Nådekyrkjene» vart reist i Freystadt, Hirschberg, Landeshut, Militsch, Sagan og Teschen,[2] 125 kyrkjer vart gjevne attende.[4] Josef I stoppa òg vidare motreformasjonar.[5] Tre protestantiske kyrkjeråd vart tillatne, og lutheranismen vart teke opp att i Schlesien.[4]

Avtalen vart forhandla i Altranstädt frå april 1707.[6] Josef I signerte konvensjonen for å hindre Karl XII frå å gå inn i den spanske arvefølgjekrigenfransk side,[6][7] og heldt ei streng romersk-katolsk linje i dei andre arveområda sine.[4] Då Schlesien vart ein prøyssisk provins i 1742, verna den protestantiske prøyssiske kongen dei romersk-katolske sine rettar og eigedomar med freden i Breslau.[1]

  • Denne artikkelen bygger på «Treaty of Altranstädt (1707)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bromley, J. S. (1970). Rise of Great Britain & Russia, 1688-1725. The New Cambridge Modern History 6. CUP Archive. ISBN 0521075246. 
    • Büsch, Otto; Neugebauer, Wolfgang (1992). Vom Kaiserreich zum 20. Jahrhundert und große Themen der Geschichte Preußens. Handbuch der preussischen Geschichte (på tysk) 3. Walter de Gruyter. s. 575. ISBN 3110140926. 
    • Herzig, Arno (2000). Der Zwang zum wahren Glauben. Rekatholisierung vom 16. bis zum 18. Jahrhundert (på tysk). Vandenhoeck & Ruprecht. ISBN 3525013841. 
    • Klueting, Harm (1999). Das Reich und Österreich 1648-1740. Historia profana et ecclesiastica. Geschichte und Kirchengeschichte zwischen Mittelalter und Moderne (på tysk) 1. Berlin-Hamburg-Münster: LIT Verlag. ISBN 3825842800. 
    • Metzdorf, Jens (2000). Politik, Propaganda, Patronage. Veröffentlichungen des Instituts für Europäische Geschichte Mainz, Abteilung für Universalgeschichte (på tysk) 179. Zabern. ISBN 3805325843. 
    • Reifenscheid, Richard (1982). Die Habsburger in Lebensbildern. Von Rudolf I. bis Karl I. (på tysk) (4 utg.). Styria. ISBN 3222114315. 
  1. 1 2 3 4 5 6 7 Büsch (1992), s. 575
  2. 1 2 Klueting (1999), s. 24
  3. Bromley (1970), s. 700
  4. 1 2 3 Herzig (2000), s. 25
  5. Herzig (2000), s. 24
  6. 1 2 Metzdorf (2000), s. 135
  7. Reifenscheid (1982), s. 200