Hopp til innhald

Narva-traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Narva-traktaten vart underskriven den 30. august 1704 under den store nordiske krigen.[1] Fraksjonen av Det polsk-litauiske samveldet som var lojale til August den sterke gjekk inn i den anti-svenske alliansen mellom Kurfyrstedømet Sachsen og Det russiske tsardømet.[1]

I byrjinga av den store nordiske krigen var August den sterke konge av Polen, storhertug av Litauen og kurfyrste av Sachsen.[2] I 1699 allierte han seg med den russiske tsaren Peter den store med Preobrazjenskoje-traktaten og med Fredrik IV av Danmark-Noreg med Dresden-traktaten.[3] Desse alliansane var grunnlaget for eit samla åtak på Det svenske imperiet som følgde i 1700.[4] Likevel vart Danmark tvungen til å trekke seg ut av krigen alt i 1700 [4] og Russland gjekk på eit stort nederlag.[5] Dei neste åra følgde Karl XII av Sverige etter August gjennom Polen-Litauen, og påførte han fleire nederlag, medan Russland klarte å kome seg på fote att og rykte inn i Baltikum.[5] Litauen-magnatane forlet August i april 1702 og allierte seg med Sverige.[6]

I juli 1704 gjorde dei svenske framrykkingane og den indre striden i Polen-Litauen til at August den sterke vart avsett av trona og Stanisław Leszczyński vald til ny konge, ein kandidat framsett av Karl XII av Sverige.[1][7] Likevel hadde August den sterke framleis støtte i Det polsk-litauiske samveldet, særleg hos Sandomierz-føderasjonen og om lag 75 % av den polske armeen.[8] I namnet til samveldet erklærte AUgust og støttespeslarane hans krig mot Sverige, og gjekk inn i den anti-svenske koalisjonen ved Narva.[8]

August den sterke
Peter den store

Avtalen vart forhandla for Polen av Thomas Dzialynski (Dzialin),[9] ein kommandant frå den saksisk-polske styrken som deltok i det føregåande russiske omleiringa og storminga av Narva.[10] Avtalen vart signert av Peter den store for Russland, Augustus den sterke og polsk-litauiske magnatar.[1]

Alliansen var både defensiv og offensiv.[1] Avtalen sa at Polen og Russland kunne halde fram krigen og ikkje signere avtalar utan at begge part samtykka.[11] Peter den store skulle gje August den sterke 200 000 rublar i årlege subsidiar,[12] oppretthalde 12 000 soldatar, gje attende områda Semen Paliy hadde erobra i Ukraina og russiske erobringa i Livland.[11]

Peter den store hadde forsikra seg om at krigen kunne halde fram i Polen-Litauen og slik binde opp svenske styrkar.[9][13] Mellom anna vart forsterkingane til Karl XII for det russiske felttoget hans avskoren i slaget ved Koniecpol.[14] For å betale dei avtalte subsidiane, vart det oppretta ein pengeskatt frå bondestanden.[15]

For August var avtalen fordelaktig, sidan stillinga hans hadde vorte svekka gjennom dei mange nederlaga mot dei svenske styrkane.[9] Peter den store, som ønskte avtalen, gav Ivan Mazepa om å drive ut Paliy (Paley) frå dei kosakkiske områda til samveldet, noko han til slutt gjorde. Dette hadde vore eit ugjendriveleg krav for Dzialinskij under forhandlingane.[9][16] Men den russiske «hjelpsame okkupasjonen» av Livland førte ikkje til den venta overleveringa, men i staden vart området innlemma i Det russiske imperiet.[10][16]

Fraksjonen av Det polsk-litauiske samveldet som var lojale til Stanisław Leszczyński, organisert i Warszawa-føderasjonen, skreiv i staden under på ein allianse med Det svenske imperiet med Warszawa-traktaten i november 1705.[16]

  • Denne artikkelen bygger på «Treaty of Narva» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Anisimov, Evgeniĭ Viktorovich (1993). The reforms of Peter the Great. Progress through coercion in Russia. The New russiske history. M.E. Sharpe. ISBN 1563240475. 
    • Bromley, J. S. (1970). Rise of Great Britain & Russia, 1688-1725. The New Cambridge Modern History 6. CUP Archive. ISBN 0521075246. 
    • Donnert, Erich; Mühlpfordt, Günter (1997). Europa in der Frühen Neuzeit: Festschrift für Günter Mühlpfordt. Aufbruch zur Moderne (på tysk) 3. Böhlau. ISBN 3412006971. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Harlow: Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Schuyler, Eugene (2004 reprint). Peter the Great 2. Kessinger Publishing. ISBN 1417971436. 
    • Wróbel, Piotr; Kozicki, Richard J., red. (1996). Historical dictionary of Poland, 966-1945. Greenwood Publishing Group. ISBN 0313260079. 
  1. 1 2 3 4 5 Donnert & Mühlpfort (1997), s. 512
  2. Frost (2000), s. 227
  3. Frost (2000), s. 228
  4. 1 2 Frost (2000), s. 229
  5. 1 2 Frost (2000), s. 230
  6. Frost (2000), s. 265
  7. Frost (2000), s. 267-268
  8. 1 2 Frost (2000), s. 268
  9. 1 2 3 4 Bromley (1970), s. 699
  10. 1 2 Wróbel (1996), s. 374
  11. 1 2 Schuyler (2004 reprint), s. 28
  12. Schuyler (2004 reprint), s. 29
  13. Frost (2000), s. 269-270
  14. Frost (2000), s. 270
  15. Anisimov (1993), s. 104
  16. 1 2 3 Frost (2000), s. 269