Aimar Sørenssen
Aimar Sørenssen | |||
![]() | |||
Fødd | 6. januar 1823 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 2. juni 1908 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Niels Berner Sørenssen | ||
Alle verv |
|
Aimar August Sørenssen (6. januar 1823–2. juni 1908) var ein norsk gardbrukar, jurist og politikar for partiet Venstre. Christian Sørenssen var farbror hans.
Sørensen var fødd i Christiania, faren var professor. Sjølv vart han student i 1841 og tok juridisk embetseksamen i 1846. Han arbeidde som kopist i kyrkjedepartementet i fleire år. Deretter var han i mange år gardbrukar på Gipsund i Rygge. Frå 1874 var han fut i Rakkestad, og i perioden 1881-84 var han sorenskrivar i Moss.
Sørenssen var medlem av hovudmatrikuleringskommisjonen 1872, og formann i tilsynskommisjonen for Ås landbruksskule og 1892-93 formann i fylkesskulestyret i Smaalenene.
Perioden 1862 til 1879 representerte Sørenssen Smaalenenes amt på Stortinget. Han var sekretær i Odelstinget 1865-66, i Stortinget 1868-73, og odelstingspresident frå 1874 til 1879. 1862-63 var han medlem av protokollkomiteen, 1865-66 sekretær og 1868-76 formann i same komiteen. Han var medlem av røysterettskomiteen 1868-69 og 1875-77, formann i protokollkomiteen 1871-76, skattekomiteen 1875-79 og vegkomiteen 1877-78. Medlem av både valkomiteen og fullmaktskomiteen 1871-79, jarnbanekomiteen 1874, samt av konstitusjonskomiteen 1879. I 1872 var han medlem av deputasjonen til tusenårsminnet i Haugesund og året etter av kroningsdeputasjonen til Stockholm.
Sørenssen var statsråd og sjef for justis- og politidepartementet frå 26. juni 1884 i Johan Sverdrups regjering, Noregs første parlamentariske regjering. Frå september 1887 til juli året etter var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, avbrote av perioden 17. februar-4. mars 1888, då han fungerte som sjef for arbeidsdepartementet.
Han vart i 1876 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden. Han var også innehavar av den svenske Nordstjerneordenen.
Sørenssen døydde på garden sin i Rygge i 1908.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Aimar Sørenssen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1823
- Døde i 1908
- Norske statsrådar 1884-1905
- Norske arbeidsministrar
- Norske justisministrar
- Venstrestatsrådar
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt
- Ordførarar i Rygge
- Norske sorenskrivarar
- St. Olavs Orden
- Nordstjerneordenen
- Folk frå Rygge