Aksel Irgens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aksel Irgens
Fødd16. juli 1863
Død18. april 1928
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Aksel Irgens (16. juli 186318. april 1928) var ein norsk forretningsmann og stortingsrepresentant frå Bergen. Ole Irgens var far hans.

Irgens gjekk på Tanks skole i heimbyen og tok i 1880 eksamen frå Hambro handelsskole. Han arbeidde fyrst på kontoret til farbroren H. Irgens i Bergen. Saman med far sin tok han i 1899 over forretninga, som dreiv med handel og skipsreiarlag, under firmanamnet O. & A. Irgens.

Aksel Irgens var medlem av formannskapet i Bergen bystyre 1902-07. Perioden 1910-12 representerte han partiet Høgre og einmannskrinsen Nygaard på Stortinget. På tinget var han medlem av Lagtinget og sekretær i jarnbanekomiteen. Då aksjelova var oppe til drøfting i 1910 var han med i den utvida justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]