Al-Ariqah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°53′20″N 36°29′00″E
Ariqah
عريقة
by
Shrine of Ammar bin Yasser in Ariqah.jpg
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement As Suwayda guvernement
Distrikt Shahba-distriktet
Nahiyah Al-Ariqah
Høgd 800 moh.
Koordinatar 32°53′20″N 36°29′00″E
Folketal 3 000 (2008 est.)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Ariqah

Ariqah eller ‘Arīqah (arabisk عريقة) er ein landsby sør i Syria med kring 3 000 innbyggjarar. Han ligg i hjartet av det berglendte vulkanplatået Lejah. Administrativt høyrer Ariqah til Mantiqat Shahba (Shahba-distriktet) i As Suwayda guvernement. Ariqah er mest kjend for ei vulkansk grotte som ligg i ei 10 meter djup hól i midten av landsbyen. Grotta vert kalla Arigagrotta og strekkjer eg frå to til tre kilometer inn i gamle lavastraumar. Ho er den største kjende grotta i det sørlege Syria.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk sett har ‘Arīqah vorte rekna som sentrum i det utilgjengelege Lajat, og mange hus frå bysantinsk tid står framleis i byen og er busett av lokale innbyggjarar. Her finst òg ruinar av eit bysantinsk kloster kalla «Deir Ariqa».[treng kjelde]

I 1596 var Al-Ariqah oppført i osmanske skattelister som 'Ahiri og var ein del av Bani Abdullah nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 18 hushaldningar og 3 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar og ei vassmølle.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Al-Ariqah» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2014.
  • Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and Sør Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. 
  1. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 215.