Al-Awamia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Awamia
العوامية
by
Land  Saudi-Arabia
Region Austprovinsen
Koordinatar 26°35′N 49°59′E / 26.583°N 49.983°E / 26.583; 49.983
Folketal 25 500  (2009)[1]
Kart
Al-Awamia
26°35′00″N 49°59′00″E / 26.583333°N 49.983333°E / 26.583333; 49.983333

Al-Awamia eller Awamia (arabisk العوامية al-ʿAwāmiyyah) er ein landsby i Al-Qatif-regionen[2] i Austprovinsen i Saudi-Arabia. I 2009 hadde han eit folketal på kring 25 500 innbyggjarar.[1] Al-Awamia grensar til Al-Ramis-gardane i aust og nokre andre gardar i vest og sør. I nord ligg grensa mellom Al-Awamiyah og nabolag i Safwa by, slik at denne byen ikkje kan veks meir i denne retninga. På grunn av avgrensa land, flytter derfor folk ut av byen og buset seg i andre nabolag, som Al-Nasera.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen er gammal og ligg ved Persiabukta i nordenden av oasen Al-Qatif. Han ligg kring 2,1 km sør for Safwa by og kring 1 km nord for Al-Quddaih.

Byen ligg i eit mangroveområde.[4]

Eit av nabolaga i Al-Zara brukte å vere ein historisk by og hovudstaden i den historiske provinsen Bahrain sidan tidleg islamsk tid.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trass i forbod mot offentlege demonstrasjonar i Saudi-Arabia, fann det stad eit tog til støtte for Hizbollah 29. juli 2006 i Al-Awamia (og Al Qatif). Dei demonstrerte mot militærkonflikten til Israel mot Libanon og bad om våpenkvile.[6] Nye demonstrasjonar fann stad 3. august same året og 28. april 2009.[7]

I mars 2009 vart minst fire menneske, inkludert eit barn, arresterte for å ha teke del i samlingar som vart organiserte for å demonstrere mot arrestasjonen av sjeik Nimr Baqir al-Nimr, ein viktig sjia-prest og imam i ein moské i Al-Awamia. Han hadde kritisert åtak mot sjiamuslimar som reiste til grava til Muhammed.[8]

Den 21. november 2011 støytte maskerte anti-Al Saud-militante og tryggingsstyrkar saman i byen, noko som resulterte i at tryggingsstyrkane flykta frå landsbyen og dei militante fekk hand om eit pansra køyretøy frå opprørspolitiet.[9]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i Al-Awamia er hovudsakleg knytt til petroleumsproduksjon og jordbruk.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Byen er særleg kjend for tomatane sine, kalla ramsi-tomatar etter området dei veks i, Al Ramis[10]

Olje[endre | endre wikiteksten]

Oljerøyrleidningar går kring landsbyen på vest- og nordsida, i tillegg til at her ligg fleire oljebrunnar. Somme av dei er gamle og andre nybora i samband med Qatif-prosjektet. Over to millionar fat olje passerer gjennom landsbyen kvar dag på veg til terminalen og raffineriet i Ras Tanura.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Abu-Nasr, Donna (1. april 2009). «Saudi government cracks down on Shiite dissidents». The San Diego Union-Tribune/AP. Arkivert frå originalen den 21. februar 2012. Henta 21. februar 2012. 
  2. Scoville, Sheila A (1979). Sheila A. Scoville, red. Gazetteer of Arabia: a geographical and tribal history of the Arabic Peninsula 1. Akademische Druck- u. Verlagsanstalt. s. 370. ISBN 978-3-201-01090-0. Henta 13. september 2009. 
  3. ar:العوامية
  4. Khoja, T.M. (2000). «Impact of Human Activity on Biotic Communities in the Al Qatif Oasis i Saudi-Arabia» (PDF). Pakistan Journal of Biological Sciences (Pakistan) 3 (2): 209. doi:10.3923/pjbs.2000.209.214. Henta 13. september 2009. 
  5. http://alrames.net/?act=artc&id=873
  6. «Saudi Shi'ites stage rare anti-Israel protests». The San Diego Union-Tribune. 31. juli 2006. Henta 21. mai 2016. 
  7. «Saudi march for Hizbollah draws thousands». Gulf News. 3. mai 2009. Henta 21. mai 2016. 
  8. «Des hommes et des adolescents chiites maintenus au secret par les autorités saoudiennes ("Men and young Shiites held incommunicado by the Saudi authorities")» (på fransk). Hacktivist News Service. 27. mars 2009. Arkivert frå originalen 15. juni 2011. Henta 21. mai 2016. 
  9. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 25. mai 2016 
  10. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. mai 2009, henta 25. mai 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]