Muzayraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°31′52″N 36°4′16″E
Muzayraa
مزيرعة, Mazirah, Mzeraa
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Al-Haffah-distriktet
Nahiyah Muzayraa
Koordinatar 35°31′52″N 36°4′16″E
Folketal 834 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Muzayraa (arabisk مزيرعة, Mzera'a eller Mazirah) er ein by nordvest i Syria og administrativt ein del av Latakia guvernement, aust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Hanadi i vest, al-Jandiriyah i nordvest, al-Haffah og Ayn al-Tineh i nord, Slinfah i nordaust, Shathah i aust og Qardaha i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Muzayraa eit folketal på 834 i 2004. Han er det administrative senteret og den fjerde største staden i Muzayraa nahiyah («underdistrikt») som består av 27 stader med eit samla folketal på 13 908 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Balanche, 2006, s. 44.