Ayn al-Tineh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°33′50″N 36°6′0″E
Ayn al-Tineh
عين التينة
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Al-Haffah-distriktet
Nahiyah Ayn al-Tineh
Koordinatar 35°33′50″N 36°6′0″E
Høgd 800 m
Folketal 1 333 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ayn al-Tineh (arabisk عين التينة eller Ain al-Tineh) er ein by nordvest i Syria som administrativt høyrer til Latakia guvernement, aust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein distriktssenter al-Haffah i nordvest, Slinfah i nordaust, Farikah og Nabl al-Khatib i aust, Shathah i søraust, Muzayraa i sør og al-Shir i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Ayn al-Tineh eit folketal 1 333 i 2004. Han er det administrative senteret i Ayn al-Tineh nahiyah («underdistrikt») som inneheld 13 stader med eit samla folketal på 6 825.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar.[2]

Byben ligg på ein kalksteinsutstikkar nord i an-Nusayriyah-fjella,[3] 800 meter over havet.[4] Han ligg mellom al-Haffah og Muzayraa, og Ayn al-Tineh er skild frå dei to byane av wadiar.[3] «Ayn al-Tineh» er òg namnet på ei kjelde som flyt under den nærliggande Salah Ed-Din-borga.[5]

Ayn al-Tineh var historisk sett eit len som høyrte til Kheirbek-klanen, ein viktig familien i dei syriske tryggleiksstyrkane og ein del av Kalbiyya-føderasjonen.[3] I følgje den franske forskaren Fabrice Balanche er Ayn al-Tineh ein av fleire landsbyar i kystfjella, som al-Tawahin, som er avhengig av den syriske hæren og staten. Fattigdomen i landsbyen er ein motivasjonsfaktor for at det er så mange tilsett i tryggleiksstyrkane og dei vert støtta av den herskande Assad-familien. Dette står i kontrast til andre fattige alawittar landsbyar i regionen som ofte har vore i strid med prominente alawittarfamiliar og ikkj fått dei same fordelane frå staten som Ayn al-Tineh har fått.[6]

Under styret til Hafez al-Assad i 1980-åra og 1990-åra, ein hussainia (sjiamuslimsk moské) grunnlagd i Ayn al-Tineh. Han var den minste som vart bygd av al-Murtada-rørsla, og målte 40 kvadratmeter. Under Hafez-styret fungerte hussainias hovudsakleg som møte for den lokale opposisjonen, men dette endra seg når forholdet mellom det sjia-dominerte Iran og Syria auka dramatisk då den noverande presidenten Bashar al-Assad kom til makta.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Balanche, 2006, s. 88.
  3. 3,0 3,1 3,2 Balanche, 2006, s. 177.
  4. Boulanger, 1966, s. 467.
  5. Boulanger, 1966, s. 458.
  6. Balanche, 2006, s. 180.
  7. Sindawi, Khalid. The Shiite Turn in Syria. Center on Islam, Democracy and the Future of the Muslim World. Hudson Institute. 2009-06-23.