Al-Janudiyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°53′05″N 36°17′27″E
Al-Janudiyah
الجانودية
by
Land Flag of the United Arab Republic.svg Syria
Guvernement Idlib guvernement
Distrikt Jisr al-Shughur-distriktet
Nahiyah Al-Janudiyah
Koordinatar 35°53′05″N 36°17′27″E
Folketal 7 774 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Al-Janudiyah (arabisk الجانودية; òg skrive al-Janoudiya, el-Janudieh eller al-Janoodiya) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, nordvest for Idlib langs vestbreidda av Orontes i Zawiya.[2] Av stader i nærleiken finn ein Shughur Fuqani i sørvest, Jisr al-Shughur 10 kilometer mot sør, Bishlamun i søraust, Kafr Dibbin i nordaust, Yacoubiyah og al-Qunaya i nord og al-Malnad i nordvest.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Janudiyah eit folketal på 5 295 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i al-Janudiyah nahiyah som består av 13 stader med eit samla folketal på 19 642.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg kristne, i følgje Agence France-Presse.[3]

Det finst antikk keramikk i Al-Janudiya som liknar keramikken frå Amuq-området.[4] Geologien på staden er markert av mjuk mergel og kalkstein.[5]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Under operasjoanne til den syriske hæren mot opprørarane i Jisr al-Shughur den 15. juni 2011, vart al-Janudiyah kringsett av syriske soldatar.[6] Den 5. september var det kampar mellom avhoppar frå hæren som flykta mot den nærliggande grensa til Tyrkia og syriske soldatar som gjekk inn i al-Janudiyah.[7] Seinare, den 15. september, vart ein gut drepen av tryggleiksstyrkar under ein demonstrasjon, i følgje aktivistar.[2]

Den 4. februar 2012 vart ein opprørar drepen og fire skadde i al-Janudiyah under kampar med syriske tryggleiksstyrkar.[8] Fleire kampar i byen følgde 11. mars då tre syriske soldatar og ein sivil mista livet i følgje Syrisk observatorium for menneskerettar.[9] Den 1. april vart ein konvoi med den syriske hæren angripen av avhopparar og fire soldatar drepne og elleve andre soldatar skadde.[10]

Dei første dagane av februar 2013 erobra opprørar al-Janudiyah og nærliggande Yakubiyah.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Syrian soldiers storm towns near Turkish border. Reuters. Published in Stuff New Zealand. 2011-09-15.
  3. 3,0 3,1 Syria rebels tighten noose around key Idlib city. France 24. Originally published by Agence France-Presse. 2013-02-05.
  4. Matthers, 1981, s. 94.
  5. Krasheninnikov, 2005, s. 356.
  6. Fielding-Smith, Abigail. Thousands flee Syrian town as troops gather. Financial Times. 2011-06-15.
  7. Syrian forces renew raids near Turkey, kill youth. Ahram Online. Published by Reuters. 2011-09-05.
  8. Syrian Crisis Updated. Volitaire. Originally published by Syrian Center for Documentation. 2012-02-04.
  9. Annan 'optimistic' after Syria meeting. Al Jazeera English. 12. juni 2011.
  10. Wrap-Up 4-Syria's «friends» try to twist screw on Assad. Reuters publisert i Chicago Tribune. 2012-04-01.