Agence France-Presse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Hovudkontoret til Agence France-Presse i Paris.

Agence France-Presse, mest kjend som AFP, er eit fransk verdsomfemnande pressebyrå med føremål å samle, verifisere og gje ut nøytral og truverdig informasjon som kan nyttast beinveges av alle typar media, både av radio- og fjernsynsstasjonar, aviser i trykt form eller som internettutgåver, og andre nyhendeformidlarar, og av føretak, verksemder, og administrasjonar som kan gjere seg nytte av dette materialet. Agence France-Presse har frå 1957 dekka verdsnyhenda på eit komplett vis i form av fotografi, video og tekst på seks ulike språk, fransk, engelsk, spansk, tysk, portugisisk og arabisk.

Agence France-Presse har si base i Paris, og dekkjer 200 land ved hjelp av 150 kontor, 50 lokale korrespondentar og fem regionsenter. Regionsentra ligg i byane i Washington DC for Nord-Amerika, i Hong Kong for Asia, i Montevideo for Latin-Amerika, i Nikosia (Levkosía) for Midtausten og i Paris for Europa og Afrika.

Agence France-Presse er ein frittståande og sjølvstendig organisasjon som har sine eigne statuttar fastsett av det franske parlamentet ved ei samrøysta vedteken lov frå 10. januar 1957. Til liks med sin USA-baserte konkurrent Associated Press, er ikkje Agence France-Presse eit aksjeselskap med krav til utbytte, men skal bruke inntektene til eigen drift og utvikling. Som Associated Press har byrået eit administrasjonsråd samansett hovudsakleg av redaktørar i media, slik òg pressebyrået Reuters var organisert fram til 1984. Inntektene kjem frå kommersiell omsetnad og abonnementsordningar. Men det har vore gjort nokre freistnader frå ymse hald på å få omgjort Agence France-Presse til eit meir eller mindre vanleg aksjeselskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]