Al-Mushannaf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°44′34″N 36°46′28″E
Al-Mushannaf
المشنف
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Al-Suwayda guvernement
Distrikt Al-Suwayda-distriktet
Nahiyah Al-Mushannaf
Høgd 1 400 moh
Koordinatar 32°44′34″N 36°46′28″E
Folketal 2 454 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Mushannaf

Al-Mushannaf (arabisk المشنف òg skrive Mushennef) er ein landsby sør i Syria i al-Suwayda guvernement, nordaust for al-Suwayda. Av stader i nærleiken finn ein Tarba i nord, Shahba og Salkhad i nordvest, Qanawat i vest og al-Kafr i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Mushannaf eit folketal på 2 581 i 2004. Byen er òg det administrative senteret i al-Mushannaf nahiyah i al-Suwayda-distriktet som består av 14 landsbyar med eit samla folketal på 17 134.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Mushannaf (i antikken Nela eller Nelkomia) var ein del av provinsen Syria under Romarriket ved grensene til provinsen Arabia Petraea.[2] Landsbyen har eit god bevart romersk tempel datert til det første hundreåret fvt., som var tileigna gudane Zevs og Athene.[3][4] Tempelet står på eit podium og måler 13,45 x 9,6 m,[5] og vender mot eit firkanta temenos som er omgjeve av fire veggar og ser ut på eit kunstig basseng frå sørsida og søylegangar på den andre sida. Inngangen til tempelet vender mot nord og på tempelplassen går det trinn til den indre heilagdomen.[6] Heile tempelet er bygd frå lokal, svart basaltisk stein.[5] Veggane er bygde utan bindemiddel og består av vakre ornament,[6] medan plassen er lagt med flate steinar av forskjellig storleik.[5] Ein inskripsjon inne i tempelet seier at det vart bygd for å hylle den herodiske kongen Agrippa I.[4] Tempelet vart grave ut tidleg i 1900-åra av Howard Crosby Butler og seinare av Clarence Ward, og vart delvis restaurert av syriske styresmakter.[6]

Drusarar slo seg ned i landsbyen mellom 1856 og 1858.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Al-Suwayda guvernement. (arabisk)
  2. Bowersock, 1994, s. 100.
  3. Ball, 2001, s. 242.
  4. 4,0 4,1 Shahîd, 1995, s. 498
  5. 5,0 5,1 5,2 Ward, 1907, s. 1-6.
  6. 6,0 6,1 6,2 Kaizer, 2008, s. 101-102.
  7. Firro, 1992, s. 152.