Salkhad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°29′30″N 36°42′40″E
Salkhad
صلخد
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement As-Suwayda
Distrikt Salkhad
Høgd 1 350 moh
Koordinatar 32°29′30″N 36°42′40″E
Folketal 15 000
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Salkhad (arabisk صلخد, Ṣalḫad) er ein by sør i Syria i As Suwayda guvernement. Han er hovudstaden i Salkhad-distriktet, eit av tre distrikt i guvernementet. Han har kring 15 000 innbyggjarar.

Byen ligg 1350 meter over havet sentralt i høglandet Jabal el Druze.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han er nemnt fleire gonger i Bibelen som «Salcah», som ein busetnad i det bibelske Bashan. På 200-talet fvt. var Salcah ein blømande nabateisk by, der gudane Dushara og Allat vart dyrka. Etter dette vart han ein del av den romerske provinsen Arabia, og var ein av dei viktigare byane i Hauran under romarane og seinare den bysantinarane. Salkhad er merkt av på Madaba mosaikk-kart frå 500-talet.

På grunn av den strategiske plasseringa til byen oppom Hauransletta i vest, bygde Ajjubide-dynastiet ei festning i Salkhad mellom 1214 - 1247 for å stå imot eit mogeleg åtak frå krosstoga i det indre Hauran. Det er òg sagt at Al-Afdal vart sendt i eksil her av onkelen og broren sin.

Byen vart mindre viktig etter krosstoga, og vart stundom angripen av beduinar som søkte beitemarker på sommaren for dyra sine.

I 1596 stod Salkhad oppført i osmanske skattelister som Salhad (Sarhad) og var ein del av Bani Malik as-Sadir nahiya i Hauran qada. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 55 hushaldningar og 25 ungkarar, og ein kristen folkesetnad på 50 hushaldningar og 20 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikubar.[1]

Fleire gresk-ortodokse kristne, etterkomarar etter ghassanidane, levde i regionen. Salkhad og området rundt vart busett av drusarar frå Libanonfjella frå seint på 1600- til 1800-talet.

I osmansk tid hadde byen eit slags føydalt sjølvstyre, slik mykje av Jabal el Druze-området hadde det under familiane Al-Hamdan og seinare Al-Atrash. Det vart kjempa mange slag i regionen mellom osmanske tyrkarar og lokale som prøvde å oppretthalde sjølvstyret sitt.

Tidleg på 1900-talet var byen ein del av Drusarstaten 1921-1936 under det franske mandatet i Syria. Staten vart gradvis innlemma i Syria etter det syriske opprøret i 1925-1927, leia av sultan Al-Atrash.

Byen er i dag senteret i Salkhad-distriktet i As Suwayda guvernement, det sørlegaste distriktet i Syria.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Festninga i Salkhad er det viktigaste monumentet og ligg på ein høgd inne i byen. Det vart bygd i 1214-1247 av Ajjubide-dynastiet som ein del av forsvarsverka mot krossfararane. Det vert sagt at festninga vart bygd over eldre romerske festningsverk. Ein sekskanta minaret av basalt står framleis intakt på hovudplassen i byen. Mange hus frå romersk tid er framleis delvis busett av lokale Dekorerte graver frå nabatearar, romarar og Ajjubide-dynastiet ligg òg i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Salkhad» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2014.
  • Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and Sør Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. 
  1. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 211.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]