Al-Rawda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Rawda
الروضة
landsby
Land  Syria
Region Hama guvernement
Koordinatar 35°10′52″N 37°37′59″E / 35.181°N 37.633°E / 35.181; 37.633
Areal 1,1 km²
Kart
Al-Rawda
35°10′52″N 37°37′59″E / 35.181°N 37.633°E / 35.181; 37.633

Al-Rawda (arabisk الروضة) er ein tell, eller ein kunstig haug i Syria, på sletta aust for Hama. Han var ein stor by med bymurar og fleire tempel, busett mellom 2400–2000 fvt. Franske og syriske arkeologar har drive utgravingar her sidan 2002.

Oppdaginga[endre | endre wikiteksten]

Al-Rawda vart oppdaga i 1996 under ei arkeologisk undersøking av området aust for Hama. Etter denne undersøkinga vart det utført meir intensive undersøkingar i ein region som målte 100 kvadratkilometer, sentrert kring Al-Rawda. Utgravingane av sjølve staden starta i 2002 og vart utført av franske og syriske arkeologar. Utgravingane har fokusert på sirkelforma murar, nordporten i byen, tempelet og den nærliggande nekropolisen. I tillegg til utgravingane vart det gjort magnetometriske, ein metode for å finne murane utan å grave dei opp, innanfor bymurane i 2003. Al-Rawda-prosjektet vart betalt av Det franske nasjonale senteret for vitskapleg forsking (CNRS) og det syriske Generaldirektoratet for antikvitetar og museum og leia av Corinne Castel og Nazir Awad.[1][2]

Staden og området kring[endre | endre wikiteksten]

Al-Rawda ligg 80 km aust for Hama. Både no og i fortida får området mindre enn 200 mm nedbør i året, som tyder at det ikkje er mogeleg å med jordbruk utan kunstig vatning. Undersøking av Al-Rawda-området syner at staden ligg i ein fayda, eit søkk som samlar avrenningsvatn frå eit større område, og like ved ein wadi. Al-Rawda var omgjeve av hydrolgoiske installasjonar som var meint å nytte avrenningsvatnet for vatning. Sjølve staden er ein nesten sirkelforma tell med ei høgd på to meter. Området innanfor den sirkelforma bymuren måler 11 hektar, totalt 15-16 hektar med bymurane, og ytterlegare fire hektar utanfor bymurane. Den sørvestlege delen av staden er okkupert av moderne hus.[1][2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden var busett ei relativt kort tid seint på 2000- og tidleg på 1000-talet fvt., omtrent samstundes med bronsealderen IV. Han vart grunnlagd kring 2400 fvt. og vart til slutt frå flytta kring 2000 fvt.[3] Dei magnometriske undersøkingane syner eit sirkelforma gatemønster med gater som stråler ut frå sentrum av staden. Båden tempelet og det sirkelforma gatemønsteret minner om Tell Chuera, som ligg nordaust for Al-Rawda.[1] Minst tre tempel vart identifisert, og eit av dei er grave ut. Det største tempelet som vart grave ut hadde ein inngang med ein søylegang, ein firkanta cella og ved ein 50 meter lang heilag inngjerding på utsida.[2] Offer som vart funne i dette tempelet var mellom anna alabaster frå Egypt, lapis lazuli frå Afghanistan og agat frå India.[3] Byen vart forsvart av ein dobbel festningsvoll bygd av leirsteinar på eit fundament av stein og to grøfter. Det va fem portar inn i byen.[3]

Den urbane staden indikerer at han var ein del av eit handelsnettverk. Al-Rawda var truleg stoppestad for karavanar som kryssa platået mellom Eufratdalen og regionen Qatna. Staden var òg eit religiøst senter for regionen, og spelte ei stor rolle i utviklinga av fedrift og ullproduksjon mot slutten av 2000-talet fvt.[3]

Nekropolis[endre | endre wikiteksten]

Nekropolisen ligg like nær staden, men utanfor jordbrukssonen. Det er funne 97 graver, 54 var sjaktgraver - meint for fleire gravlagde, og skoren ut i kalksteinen på platået. 25 var enkle kistegraver og 17 var sirkelforma graver.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Castel, Corinne; Gondet, Sébastien (2004). «Prospection géophysique à al-Rawda et urbanisme en Syrie au Bronze ancien». Paléorient (på fransk) 30 (2): 93–109. doi:10.3406/paleo.2004.1013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Castel, Corinne (2008). «Al-Rawda, a town in the steppe (Central Syria, Early Bronze Age IV)». I Kühne, Hartmut; Rainer, Czichon; Kreppner, F. Janoscha. Proceedings of the 4th International Congress of the Archaeology of the Ancient Near East 2. Wiesbaden: Harrassowitz. s. 302–305. ISBN 3-447-05757-2. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Castel, Corinne; Peltenburg, Edgar (2007). «Urbanism on the margins: third millennium fvt. Al-Rawda in the arid zone of Syria». Antiquity 81 (313): 601–616. ISSN 0003-598X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Geyer, Bernard (2001). Conquête de la steppe et appropriation des terres sur les marges arides du Croissant fertile (på fransk). Lyon: Maison de l'Orient. ISBN 978-2-903264-78-9.