Al Husun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Al Husn)
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°27′N 35°37′E
Al Husun
الحصن
by
Land Flag of Jordan.svg Jordan
guvernement Irbid guvernement
Koordinatar 32°27′N 35°37′E
Folketal 33 000 (2005)
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al Husn

Al Husun (arabisk الحصن, òg skrive Al Husn, Hisn og Husn) er ein by nord i Jordan, 65 km nord for Amman, og kring 7 km sør for Irbid. Han har eit folketal på 33 000. Regionen har frodig jord og eit moderat klima som gjev gode jordbrukstilhøve. Al Husn var kjend for vinen sin, men hovudprodukta i dag er kveite og olivenolje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al Husn er ein av stadane som kan ha vore Dion, ein oldtidsby frå då romarane dominerte nordlege Jordan og regionen. Byen var ein del av Dekapolis, ein byføderasjon på ti gresk-romerske byar, skapt under Pompeius kring 64-63 fvt.).

Al Husn hadde ei av dei eldste ortodokse kyrkjene i Jordan. Han vart opphavleg bygd på 200-talet, men øydelagd i 1680 av den osmanske hæren. Ei ny kyrkje vart bygd i 1886 av lokale kristne. Tradisjonelt har Al Husn hatt eit større kristent samfunn, inkludert melikktar.

I 1806 vitja den tyske reisande Seetzen Husn og var gjest hos Al Sheikh Abdalla Ghanma. Han skreiv i boka si at han vitja sjeiken i byen og budde hos han i to veker.

Tursitmål[endre | endre wikiteksten]

Al Husn er kjend for ei kunstig høgd frå romartida, nord i byen, som dei lokale kallar «Al-Taal». I følgje lokale segner skal det ligge ruinar av ei borg eller ei bysantinsk kyrkje på høgda, og at denne skal ha gjeve namnet på byen. Husn tyder «borg» på arabisk. I nærleiken ligg eit romersk basseng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]