Al Khor by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°41′24″N 51°30′36″E
Al-Khor
الخور
by
Qatar, Al Khor (23).JPG
Hovudvegen gjennom sentrum, med butikkar.
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Kommmune Al Khor kommune
Koordinatar 25°41′24″N 51°30′36″E
Folketal 31 547 (2004) [1]
Tidssone AST (UTC+3)
Qatar location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al Khor
Bustadområde
Hamn
Frå Al Khor-cornichen

Al Khor er ein kystby nord i Qatar, 50 kilometer nord for hovudstaden Doha. Han er kommunesenteret i kommunen Al Khor. Namnet på byen tyder 'bekk' på arabisk, sidan byen ligg ved ei lita elv. Al Khor er heimstaden til mange tilsette i petroleumsindustrien, sidan han ligg nær dei nordlege olje- og gassfelta i Qatar og Ras Laffan industriby.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al Khor vart styrt av Al Muhannadi-stamma før sjølvstendet til Qatar i 1971, og denne stamma styrer framleis i dag. Ein trur at Al Muhannadi-stamma som budde i Al Khor oppstod på 1700-talet. Stamma består av sju beduinfamiliar. I dag kjem dei fleste innbyggjarane i Al-Khor frå denne stamma.

J.G. Lorimer skreiv i Gazetteer of Gulf of Persia om Al Khor (då kalla Khor Shaqiq) i 1908:

«
Generelt skrive Shajij eller Shagig. Namnet på ei vik og ein landsby som ligg ved vika, på austsida av Qatarhalvøya. Innløpet til vika, som er grunn og strekkjer seg 6 km innover, ligg mellom Ras-an-Nof og Ras Matbakh, kring 40 km nord for Doha. Khor Shaqiq vert ofte kalla «Khor-al-Mahandah [Muhannadi],» eller berre «Khor,» i motsetnad til «Al Khuwair» på andre sida av halvøya.
Landsbyen ligg på sørsida av vika, nær foten, og ikkje langt unna ein ås, med eit vakttårn på åtoppen. Nedanfor åsen ligg ein brunn med godt vatn, kalla Halaitan. Al Thakhira ligg berre 6 km nordover frå Khor Shaqiq, som ein når langs ein sti til fots. 6 km sør for Khor Saqiq ligg Halat Wabil, eit øyrev, som er dekt av vatn ved flo sjø. Landsbyen består av kring 400 gjørme- og steinhus som høyrer til Mahandah (Al Muhannadi), halvparten av Al Hasan og halvparten Misandah, som har 80 perlebåtar (bemanna av 1200 mann), 90 andre havgåande fartøy og 30 fiskefartøy, i tillegg til 100 kamelar.[2]
»

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Al Khor er kjend for Al-Sultan strandhotel, eit palass som er omgjort til eit hotell, og for dei mange moderne og historiske moskeane. Hovudnæringa i byen er fiske. Det finst mange strender kring Al Khor, og i strendene i sør er det mange strandhus som innbyggjarar i byen og Doha eig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population and social statistics». Qatar Statistics Authority. 2004. Henta 20. mars 2017. 
  2. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol. II. Geographical and Statistical. J G Lorimer. 1908' [1754] (1877/2084)». Qatar Digital Library. Henta 6. februar 2017. , Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Al Khor by

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Al Khor frå Wikivoyage