Marit Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Larsen

Marit Larsen i Nürnberg 11. desember 2015.
Foto: Stefan Brending
Fødd1. juli 1983 (40 år)
FødestadLørenskog
FødenamnMarit Elisabeth Larsen
OpphavNoreg
Aktiv1996 til i dag
SjangerPop, folk
InstrumentVokalist, gitar, mandolin, munnspel, sitar, tanpura, domra, piano, celesta, klokkespel
Tilknytte artistarM2M
PlateselskapAtlantic Records (M2M), EMI, Sony Music
Verka somVokalist, musikar, låtskrivar
Gift medAlexander Buchmann
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist, Norsk Artistforbunds Ærespris, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Alarmprisen i pop, Edvard-prisen

Marit Elisabeth Larsen (fødd 1. juli 1983) er ein norsk vokalist, musikar og låtskrivar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Marit Larsen under Nobelpriskonserten

Marit Larsen kjem frå ein musikalsk familie og spila fiolin som barn. Ho vart som 13-åring nominert til Spellemannprisen 1996 for plata Marit & Marion synger kjente barnesanger. Ho fekk internasjonal merksemd då ho allereie i tenåra var medlem av popduoen M2M, saman med barndomsvenninna Marion Ravn. Larsen spelte gitar og stod for halvparten av vokalen og tekstskrivinga. Etter å ha turnert rundt i verda og produsert to album med slagerar som «Don't Say You Love Me», «Mirror Mirror» og «Everything», avslutta Ravn og Larsen samarbeidet i september 2002.

Etter brotet i M2M tok Larsen nokre friår, før interessa rundt ho tok seg opp igjen i 2004 og tidleg i 2005, då ho spelte fleire konsertar lokalt i Noreg. Her viste ho ein ny musikkstil med eit meir instrumentalt og lyrisk preg. I oktober 2004 framførte Larsen tre originale songar på NRK radio og akkompagnerte seg sjølv på gitar og piano. Ho opptredde òg på by:Larm i februar 2005. I august 2008 kom singelen «If a Song Could Get Me You» ut. Han var i 14 veker samanhengande den mest spelte låten på radio i Noreg. Larsen spila på Nobelkonserten i 2008.

30. september 2016 gifta Larsen seg med den tidlegare handballspelaren Alexander Buchmann i Oslo.[1]

Musikkalbum[endre | endre wikiteksten]

Marit Larsen under konsert med TrondheimSolistene i Ibsenhuset i Skien i september 2009.
Foto: Ernst Vikne

Hausten 2005 spelte Larsen inn det fyrste albumet sitt på plateselskapet EMI. Den fyrste singelen, «Don't Save Me», kom på radio i januar 2006, og klatra raskt opp på VG-lista Topp 20. Allereie i si andre veka hamna singelen på fyrsteplass på VG-lista. To månadar seinare blei albumet Under the Surface lansert i Noreg. Albumet inneheldt elleve songar, og dei fleste hadde Larsen skrive sjølv. Under Spellemannprisen 2006 vann ho prisen for årets kvinnelege artist for albumet, og prisen for årets musikkvideo for videoen til «Don't Save Me», som òg var nominert til årets hit. For albumet fekk ho dessutan Alarmprisen 2007 i klassen pop. Den 31. mars 2006 blei det offisielt at albumet hadde seld til gullplata på under ein månad.

13. oktober 2008 kom den andre soloplata hennar, The Chase. Fyrste singel frå plata var «If a Song Could Get Me You», som gjekk rett til topps på VG-lista i sin første veka (veke 34/2008). Både den første og andre plata hennar er produsert av Kåre Vestrheim.[2] Låten «Steel my heart» frå The Chase vart brukt i filmen I et speil, i en gåte.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Under the Surface (2006)
  • The Chase (2008)
  • If a Song Could Get Me You (2009, internasjonal samleplate)
  • Spark (2011)
  • When The Morning Comes (2014)
  • Joni Was Right I/II (2016)

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Joni Was Right (2016)
  • Joni Was Right II (2016)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingsdato Tittel Listeplassering Album
VG-lista Top 20
februar 2006 «Don't Save Me» 1 Under the Surface
mai 2006 «Under the Surface» 6 Under the Surface
september 2006 «Only a Fool» 14 Under the Surface
januar 2007 «Solid Ground» Under the Surface
august 2008 «If a Song Could Get Me You» 1 The Chase
oktober 2008 «I've Heard Your Love Songs» The Chase
mars 2009 «Addicted» The Chase
juni 2009 «Fuel» The Chase
januar 2011 «Vår beste dag» 1
oktober 2011 «Coming Home» Spark
januar 2012 «Don't Move» Spark
august 2014 «I Don't Want To Talk About It» When The Morning Comes
januar 2015 «Faith & Science» When The Morning Comes
mars 2015 «Please Don't Fall For Me» When The Morning Comes

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Byrkjedal, Mona (1. oktober 2016). «Marit Larsen har giftet sig». VG. Henta 9. oktober 2016. 
  2. Marit Larsen – Blå Grotte & St. Croix huset, arkivert frå originalen 13. februar 2015, henta 13. februar 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marit Larsen