Alex Doonesbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Alex Doonesbury er ein av hovudpersonane i avis-teikneserien Doonesbury, og har på mange vis «arva» posisjonen som hovudrolle frå far sin, Mike Doonesbury. Alex fungerer ofte som radikalt korrektiv for den meir moderate Mike.

Alex vart fødd som ledd i ein kunst-installasjon på direktesendt kabel-TV i 1988, som dotter av J.J. Caucus og Mike Doonesbury. Mike vart først informert om fødselen då han ved eit reint tilfelle skrudde på fjernsynet. Han og J.J. var ved å gli frå kvarandre på dette tidspunktet, men dei heldt saman dei første åra etter at Alex vart fødd. Ho vart passa av Zonker Harris når foreldra trong avlasting, og utvikla tidleg ei skarp refleksjonsevne, forutan eit godt forhold til mormora Joanie Caucus, som var like frustrert over dottera som Alex var over mora. Då Mike flytta saman med Kim Rosenthal, fekk Alex ei nærskyldt sjel i huset, og saman prata dei datateknologi og utviklinga av ny programvare. Slik sett tok Alex til med lansering av eigne produkt alt frå trettenårsalderen, og ettersom ho voks til, og nettet med henne, sette ho seg føre å lansere ei rekkje domene, det eine meir mislukka enn det andre. Ho vart snart aktiv på den demokratiske sida av det amerikanske politikk-spekteret, og har argumentert godt for fri nett-tilgang og piratverksemd, til stor ergring for Mike, som hevda opphavsrettar i større grad.

I vaksen alder møtte Alex Toggle, eller Leo deLuca, ein skada soldat frå Irak-kampanjen, som var i ei støttegruppe saman med B.D. Desse flytta saman i ei gamal campingvogn, og vart med tida gift. Dei ventar tvillingar i 2013.

Alex har livleg fantasi, og kjem ofte med svært fantastiske framtidsplanar. Dette er skildra som eit drag ho har frå mora, som ville gjera kva hending som helst til performance. Mike har og vore kjent for sine meir høgttravande lykkedraumar, så Alex må reknast som gåverik på dette punktet.