Ali Ezzine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ali Ezzine
Statsborgarskap Marokko
Fødd 3. september 1978 (45 år)
Meknes
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Ali Ezzine (fødd 3. september 1978) er ein marokkansk tidlegare hinderløpar. Han vann medalje på 3 000 meter hinder i dei største meisterskapane åra 1999-2001.

Ezzine deltok i Friidretts-VM 1999 i Sevilla, der han vart tredjemann av dei fem som spurta om medaljane i 3 000 meter hinder. To veker seinare sette han personbeste i øvinga med 8.06,7 i Berlin. 23. juni 2000 sprang han sitt fortaste hinderløp då han vart klokka inn på 8.03,5 ved eit stemne i Paris. Under dei olympiske leikane i Sydney om hausten kneip han bronsemedaljen med ei margin på 0,08 sekund. Eitt år seinare lukkast Ezzine vinne sølvmedaljen i 3 000 meter hinder i Edmonton-VM, som i Sydney vann kenyanaren Reuben Kosgei. Ezzine la opp etter 2004-sesongen

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]