Alija Mustafina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alija Mustafina


Statsborgarskap Russland
Fødd 30. september 1994 (29 år)
Jegorjevsk
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommer-OL 2012 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2012 – Frittstående kvinner, Turn under Sommer-OL 2012 – Skranke kvinner, Turn under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Venskapsordenen, Æresordenen, olympisk gullmedalje, olympisk sølvmedalje, olympisk bronsemedalje

Alija Farkhatovna Mustafina (fødd 30. september 1994) er ein russisk tidlegare turnar frå Jegorjevsk. Ho vart verdsmeister 2010 og europameister 2013 i mangekamp, dessutan sikra ho seg to OL-gull i skranke og ytterlegare to VM-gull og fire EM-gull. Med til saman 31 medaljar frå ulike olympiske leikar, verdsmeisterskap og europameisterskap er ho ein av dei mest suksessrike turnarane.

Mustafina vann gull med Russlands lag og to individuelle sølvmedaljar ved Turn-EM 2010 i Birmingham. Hausten same året vann ho mangekampen i Turn-VM 2010 Rotterdam, i tillegg fekk ho gull i lagtevlinga og sølv i skranke og frittståande. Frå dei olympiske leikane i London i 2012 reiste ho med gull i skranke, lag-sølv og bronse i mangekamp og frittståande. I 2013 vann ho mangekampen og skranke-øvinga ved europameisterskapen i Moskva, deretter vann ho gull på bom og bronse i mangekamp og skranke ved verdsmeisterskapen i Antwerpen. År 2014 vann ho tre medaljar i Turn-EM i Sofia og tre bronsar i Turn-VM i Nanning. Våren 2016 vart ho i Bern europameister på bom med Russland i lagtevlinga. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro forsvarte ho meistertittelen i skranke, tok sølv med det russiske laget og bronse i mangekampen. I sitt siste meisterskap, Turn-VM 2018 i Doha, tok Mustafina del i tre av dei fire øvingane då Russland vart nummer 2 i lagtevlinga, individuelt enda ho på femteplassen i spesialøvinga skranke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]