Alina Talaj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alina Talaj

Alina Henadzeuna Talaj (fødd 14. mai 1989) er ein kviterussisk hekkeløpar frå Orsja. Ho vann sølvmedaljen på 100 meter hekk i EM 2012 og EM 2016, i 2015 vann ho bronsen under verdsmeisterskapen i Beijing. I 2015 sigra ho i 60 meter hekk ved hall-EM.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Talaj vart nummer to i 100 meter hekk under europameisterskapen 2012 i Helsinki, 0,1 sekund bak Nevin Yanıt frå Tyrkia. Tre år seinare seinare underkjende Det europeiske friidrettsforbundet prestasjonen til Yanit grunna i doping. Ved Sommar-OL i London forbetra Talaj i semifinalen sitt personbeste til 12,84 sekundar, utan det heldt til finaleplass.

I mars 2015 vann Talaj 60 meter hekk då hall-EM fann stad i Praha i Tsjekkia. Fem månader seinare kneip ho bronsemedaljen på 100 meter hekk ved verdsmeisterskapen 2015 i Beijing på ny kviterussisk rekord, 12,66 sekundar. Sommaren 2016 sprang ho i EM i Amsterdam inn til sølvmedalje på tida 12,68, seks hundredels sekund etter tyske Cindy Roleder.

Den 31. mai 2018 vart Talaj klokka inn på sterke 12,41 sekundar under eit stemne i Sankt Pölten i Austerrike. Ho tjuvstarta i EM-finalen 2018 og diskvalifisert.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]