Aliyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innvandrarar frå fyrste aliyah kring 1910.

Aliyah (hebraisk עלייה, aliya, 'oppstigning') viser til jødisk innvandring til Det heilage landet, og til Staten Israel etter opprettinga av denne i 1948. Det motsette fenomenet, jødisk utvandring frå Israel, blir kalla yerida (utvandring).

Aliyah blir rekna som eit viktig konsept i jødisk kultur og eit grunnleggjande konsept i sionisme. Lovmessig er detuttrykt i den israelske Loven om tilbagevending, som gir alle jødar rett til å innvandra til og busetja seg i Israel og automatisk få israelsk statsborgarskap. Jødar som gjennomfører aliyah, blir kalla for oleh (m. eintal), olah (f. eintal) eller olim (fleirtal). Mange religiøse jødar ser på aliyah som tilbakekomet til Det lova landet som ein del av det bibelske løftet frå Gud til etterkomarane av dei hebraiske patriarkane Abraham, Isak og Jakob. I nokre tolkingar er aliyah inkludert som eit av dei 613 boda gitt av Tanakh.

I den vanlegaste tradisjonelle jødiske rekkjefølgje av bøkene i Tanakh er det siste ordet i boka (altså det siste ordet i den originale hebraiske versjonen i Andre Krønikebok 36,23) veya'al, ei bydeform med same røter som ordet «aliyah», og betyr ‘lat han dra opp [til Israel]’.

Sionistisk aliyah (frå 1882)[endre | endre wikiteksten]

I sionistisk historie er det ulike aliyahbølgjer. Dei byrja då biluim kom til Israel frå Russland i 1882, og er ofte kategoriserte etter tid og heimlandet til innvandrarane.

Fyrste aliyah (1881/82–1903)[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1882 og 1903 innvandra kring 35 000 jødar til Palestina, som då var ein provins i Det osmanske riket. Storparten av desse høyrde til Hovevei Zion- eller Bilu-rørsla, og kom frå Det jødiske busetjingsområdet i Tsar-Russland, og ein mindre del kom frå Jemen. Mange grunnla jordbrukssamfunn. Blant byane som desse innvandrarane oppretta, er Petah Tikva (i 1878), Rishon LeZion, Rosh Pina og Zikhron Ya'aqov. I 1882 skipa jemenittiske jødar ein ny bydel i Jerusalem i Silwan, søraust for dei gamle bymurane ved Oljeberget.

Andre aliyah (1904–1914)[endre | endre wikiteksten]

Andre aliyah var kanskje den mest innverknadsrike aliyahen. Han varte frå 1904 til 1914, og i løpet av denne tida flytta 40 000 jødar til osmanske Palestina, for det meste frå Russland og Polen,[1] og nokre frå Jemen.

Tredje aliyah (1919–1923)[endre | endre wikiteksten]

I tredje aliyah kom ei bølgje jødiske immigrantar til Israel frå Europa som var inspirerte av sionistiske motiv. Bølgja varte frå 1919 til 1923 (frå slutten av 1. verdskrigen til byrjinga av den økonomiske krisa i landet). I løpet av denne perioden kom kring 35 000 nye immigrantar[2] til Israel, for det meste frå austeuropeiske lande. Cirka 45 % var frå Russland, 31 % frå Polen, 5 % frå Romania og berre tre prosent frå Litauen.

Fjerde aliyah (1924–1929)[endre | endre wikiteksten]

Fjerde aliyah varte frå 1924[3] til 1928, og omfatta jødar med sionistiske motiv frå Europa og Asia. Under denne aliyahen kom kring 82 000 innvandrarar[4] til Israel, hovudsakleg frå land i Aust-Europa. Halvdelen av innvandrarane kom frå Polen og resten frå Sovjetunionen, Romania og Litauen. I tillegg til dette var 12 % av innvandrarane frå Asia, hovudsakleg frå Jemen og Irak. Det var få innvandrarar frå resten av Europa og Amerika.

Femte aliyah (1929–1939)[endre | endre wikiteksten]

Femte aliyah frå 1932 til 1939 bestod særleg av tyske jødar.[5] Innvandringa voks kraftig i forhold til den føre perioden, og fekk nærast karakter av masseinnvandring mellom 1933 og 1935, medan opprøra i mandatområdet i 1936 gav ein tilbakegang i innvandringsbølgja. I perioden 1938–1939 kom det igjen tusenvis av innvandrarar, mange kom inn ulovleg.

Aliyah Bet (1933–1948)[endre | endre wikiteksten]

Aliyah Bet viser til ulovleg jødisk innvandring under og etter 2. verdskrigen. Ho omfatta internt fordrivne europeiske jødar som hadde overlevd konsentrasjonsleirane og dei andre forfølgingane i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Israels regerings side om den anden aliyah
  2. Israels regerings' side om tredje aliyah
  3. «Israelske styresmagters side om fjerde aliyah» (på engelsk). Arkivert frå originalen 24. august 2018. Henta 4. september 2008. 
  4. «Small summary about the Fourth Aliyah» (på engelsk). Jewish Virtual Library. Arkivert frå originalen 4. januar 2017. Henta 4. september 2008. 
  5. kilde: "Thirty Years of Jewish Immigration to Palestine", s. 732

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ben-Gurion, David From Class to Nation: Reflections on the Vocation and Mission of the Labor Movement (hebraisk), Am Oved (1976)