Tanákh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tanákh

Tanákh på bokrullar.
Språkhebraisk, arameisk
Sjangerreligiøs litteratur, antologi

Tanákh eller Tenákh (hebraisk תנ”ך tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.

Ordet Tanákh[endre | endre wikiteksten]

Alternative skrivemåtar og synonym[endre | endre wikiteksten]

Ordet kan òg bli skrive som Tenakh, Tanach, Tenach eller TN"K. I hovudsakleg kristne teologiske krinsar finst òg forma Tanak.

Ordet «Tanákh» er eit akronym[endre | endre wikiteksten]

Tanákh er i seg sjølv eit akronym for dei tre hovuddelane av den jødiske Bibelen:

  • Torá [תּוֹרָה] («Lova»; òg kalla Læra eller Instruksjonen)
  • Nebiím [נְבִיאִים] («Profetane»)
  • Ketubím [כְּתוּבִים] («Skriftene» eller «Heilagskriftene»)

Synonym[endre | endre wikiteksten]

  • Mikrá (hebraisk מקרא)
  • Den hebraiske Bibelen
  • Den jødiske Bibelen

Liste over bøkene i Tanákh[endre | endre wikiteksten]

Torá (Lova, Læra)[endre | endre wikiteksten]

  1. Fyrste Mosebok
  2. Andre Mosebok
  3. Tredje Mosebok
  4. Fjerde Mosebok
  5. Femte Mosebok

Nebiím (Profetane)[endre | endre wikiteksten]

  1. Nebiím risjoním (Dei tidlege profetane)
    1. Josva
    2. Dommarane
    3. Samuelsbøkene (1-2)
    4. Kongebøkene (1-2)
  2. Nebiím aharoním (Dei seinare profetane)
    1. Jesaja
    2. Jeremia
    3. Esekiel
    4. Teré asár (Dei tolv (mindre profetane))
      1. Hosea
      2. Joel
      3. Amos
      4. Obadja
      5. Jona
      6. Mikha
      7. Nahum
      8. Habakkuk
      9. Sefanja
      10. Haggai
      11. Sakarja
      12. Malakhi

Ketubím (Skriftene)[endre | endre wikiteksten]

  1. Salmane
  2. Salomos ordtøke
  3. Job
  4. Megillot (Skriftrullane)
    1. Høgsongen
    2. Rut
    3. Klagesongane
    4. Forkynnaren
    5. Ester
  5. Daniel
  6. Esra–Nehemja:
    1. Esra
    2. Nehemja
  7. Krønikebøkene (1-2)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tanákh