Villpurre
Utsjånad
(Omdirigert frå Allium ampeloprasum)
| Villpurre | |
Villpurre i Spania. | |
| Status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
| Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
| Underfamilie: | Alliaceae Allioideae |
| Stamme: | Allieae |
| Slekt: | Laukslekta Allium |
| Art: | Villpurre A. ampeloprasum |
| Vitskapleg namn | |
| Allium ampeloprasum | |
Villpurre eller staudevårlauk (Allium ampeloprasum) er ei plante i laukslekta Allium. Ho veks naturleg i området frå Sør-Europa til vestlege delar av Asia. Planta ser ut til å ha blitt nytta alt i førhistorisk tid og har på den tida komme til England der ein finn ho på steinete plassar nær kysten i sørvest-England og Wales.[1][2] Villpurre er opphav til fleire foredla grønsaker, der purre, elefantkvitlauk og kurratlauk er dei best kjende.
Ulike namn
[endre | endre wikiteksten]Eit synonym til det vitskaplege namnet Allium ampeloprasum er Allium porrum.
Fleire grønsaker er utvikla frå villpurre. Nokre av dei er:
- Purre (Allium ampeloprasum var. porrum) - leek (engelsk), poireau (fransk), alho porro (portugisisk), cebolla puerro (spansk)
- Elefantkvitlauk (Allium ampeloprasum var. ampeloprasum) - great-headed garlic, elephant garlic (engelsk), ail à grosse tête (fransk)
- Perlelauk (A. ampeloprasum var. sectivum) - pearl onion (engelsk), poireau perpétuel, petit poireau antillais (fransk), alho bravo, alho inglês (portugisisk)
- Kurratlauk (Allium ampeloprasum var. kurrat) - kurrat (engelsk, fransk).[3]
- تره, tareh (Allium ampeloprasum ssp. persicum) - (persisk)
- இராகூச்சிட்டம், iraakuuccittam (tamil)
Biletdøme
[endre | endre wikiteksten]- Villpurre i København botaniske hage.
- Start på blomstring av elefantkvitklauk.
- I full blome
- Purreblomar
- Allium ampeloprasum - Museum specimen
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Plants for a Future: Allium ampeloprasum
- ↑ CHRISTOPHER D. PRESTON, DAVID A. PEARMAN, ALLAN R. HALL (2004) Archaeophytes in Britain Botanical Journal of the Linnean Society 145 (3), 257–294 doi:10.1111/j.1095-8339.2004.00284.x, p. 264
- ↑ Grubben, G.J.H. & Denton, O.A. (2004) Plant Resources of Tropical Africa 2. Vegetables. PROTA Foundation, Wageningen; Backhuys, Leiden; CTA, Wageningen.
- Denne artikkelen bygger på «Allium ampeloprasum» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2012.
- Villpurre - Allium ampeloprasum, efferus.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) villpurre hos Artsdatabanken
- (en) villpurre i Catalogue of Life
- (en) villpurre i Encyclopedia of Life
- (en) villpurre i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) villpurre hos Dyntaxa
- (en) villpurre hos ITIS
- (en) villpurre hos NCBI
- (en) villpurre hos Plants of the World Online
- (en) villpurre hos The International Plant Names Index
- (en) villpurre hos Tropicos
- (en) Kategori:Allium ampeloprasum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons