Påskeliljefamilien
| Påskeliljefamilien | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrike: | Viridiplantae |
| Infrarike: | Streptophyta |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
| Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae J.St.-Hil., 1805 |
Påskeliljefamilien (Amaryllidaceae), tidlegare også kjend som amaryllisfamilien og narsissfamilien, er ei plantegruppe i aspargesordenen og omfattar rundt 1100 artar fordelt på 85 slekter. Den tidlegare laukfamilien (Alliaceae) blir no òg rekna hit.[1] Plantane i familien er einfrøblada og er hovudsakleg laukplantar med grunnstilt bladrosett og store, vakre blomar. Mange prydplantar i slekter som Galanthus, Hippeastrum og Narcissus høyrer til denne familien.
Dei fleste plantane i påskeliljefamilien stammar frå sletteområde i varme land. Snøklokke, påskelilje og pinselilje er mykje brukte som hageplantar og finst også forvilla, mellom anna i Noreg.
Slekter i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Fire slekter er registrerte i Noreg:[1][2]
- Påskeliljeslekta (Narcissus)
- Snøklokkeslekta (Galanthus)
- Klosterklokkeslekta (Leucojum)
- Laukslekta (Allium)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 210–217, 1148–1149.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre påskeliljefamilien». Artsdatabanken. 2023-03-06.
«påskeliljefamilien» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) påskeliljefamilien hos Artsdatabanken
- (en) påskeliljefamilien – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) påskeliljefamilien i Catalogue of Life
- (en) påskeliljefamilien i Encyclopedia of Life
- (en) påskeliljefamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) påskeliljefamilien hos Dyntaxa
- (en) påskeliljefamilien hos Fossilworks
- (en) påskeliljefamilien hos ITIS
- (en) påskeliljefamilien hos NCBI
- (en) påskeliljefamilien hos Plants of the World Online
- (en) påskeliljefamilien hos The International Plant Names Index