Laukslekta
Laukslekta | |
Blomstrane i laukslekta er regelrette og alltid bygde opp over 3-talet (her 2 x 3). | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Amaryllisfamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Alliaceae Allioideae |
Stamme: | Allieae |
Slekt: | Laukslekta Allium L., 1753 |
Laukslekta (Allium) er ei slekt i påskeliljefamilien (Amaryllidaceae) med over 600 arter i Europa, Midt-Austen, Sentral-Asia, Aust-Asia og Nord-Amerika. Artene er fleirårige urter, som dannar knollar. Alle har laukaktig lukt og smak. I APG III-systemet er slekta ein del av underfamilien Alliaceae og utgjer ein eigen tribus i denne.
Ei rekkje andre planter frå denne slekta blir brukte i matlaging, til dømes lauken til vanleg lauk og kvitlauk og stilken frå purrelauk og graslauk.
Laukane kan vere einslege eller samla i klyngje, og dei deler seg kvart år anten ved rothalsen eller langs jordstengelen. Det ytre skalet er brunt eller grått, glatt og seigt, medan dei indre skala er hinneaktige. Blada visnar jamnast ned ved frømogninga, men elles dannar dei ein varig, grunnstilt bunt på 1-12 stk. Blada er vanlegvis lineforma, fura eller flate og rette eller seglforma. Blomstrane sit i skjermar som blomstrar innanfrå og utover. Ofte er dei supplerte med eller har berre yngleknoppar. Blomstrane er opprette, overhengjande eller hengjande med 6 blomsterblad i to krinsar. Frukta er kapselliknande med fleire svarte frø.
Nokre arter[endre | endre wikiteksten]
Med norske namn der det finst og engelske der dette manglar.
- Allium acuminatum — tapertip onion, Hooker's onion
- Allium ampeloprasum — villpurre, staudevårlauk
- A. ampeloprasum var. ampeloprasum — elefantkvitlauk
- A. ampeloprasum var. kurrat — kurratlauk
- A. ampeloprasum var. porrum — purre
- Allium anceps — twinleaf onion
- Allium angulosum — prydlauk
- Allium aflatunense — kirgislauk
- Allium caeruleum — azurlauk, asurlauk
- Allium campanulatum — dusky onion
- Allium canadense — Canadian garlic
- Allium carinatum — roselauk
- Allium cepa — lauk, kepalauk, vanleg lauk
- Allium cepa var. aggregatum — sjalottlauk
- Allium cernuum — prærielauk
- Allium chinense — Chinese onion, Chinese scallion, Japanese scallion, Oriental onion
- Allium fistulosum — pipelauk
- Allium giganteum — kjempelauk
- Allium hollandicum — flowering onion
- Allium karataviense. grålauk
- Allium neapolitanum — white garlic
- Allium nigrum — black garlic
- Allium oleraceum — vill-lauk
- Allium paradoxum — few-flowered garlic
- Allium porrum — purre
- Allium sativum — kvitlauk
- Allium senescens — kantlauk
- Allium schoenoprasum — graslauk
- Allium scorodoprasum — bakkelauk
- Allium siculum — Mediterranean bells, Sicilian honey garlic
- Allium tricoccum — wild leek, ramp, ramps, ramson
- Allium triquetrum — trekantlauk
- Allium tuberosum — kinagraslauk
- Allium ursinum — ramslauk (også bjørnelauk)
- Allium victorialis — sigerslauk (også aprillauk)
- Allium vineale — strandlauk
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Sjelden lauk Arkivert 2013-05-26 ved Wayback Machine.