Alm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alm
Alm
Alm
Utbreiing og status
Status i verda: DatamangelUtbreiinga av alm
Utbreiinga av alm
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Ulmaceae
Slekt: Ulmus
Art: Alm U. glabra
Vitskapleg namn
Ulmus glabra

Alm (Ulmus glabra) er eit tre i almeslekta. Almen høyrer til dei varmekjære trea. Han treng god jord. Alm er utbreidd over store delar av Eurasia og Nord Afrika. I Europa veks han nord for Appenninane, Pyreneane og Balkanfjella. Almen kan verte opptil 40 m høy, og har grå bork som på eldre tre gjerne vert oppsprukken. Han har pælerot som går djupt i jorda.

I nyare tid har almen vore alvorleg truga av «almesjuka». Denne sjukdomen, som kjem av ein soppart, har nærast utradert almen på store delar av kontinentet. I Noreg, der almebestanden ligg spreidd, har ikkje sjukdomen fått feste. Alm veks fyrst og fremst i varme, sørvende lier nord til Nordland i Noreg. I Beiarn finn ein nordlegaste førekomsten i verda.

Almeblad.
Frukt av alm.

Blad, blomar og frukt[endre | endre wikiteksten]

Blada på almen er skeive nedst og har korte stive hår, så dei er ru å kjenne på. Dei har dobbelt sagtanna rand. Blomane sit i små knippe, og i blomen er det både mjølknappar og fruktknute. Almen blømer tidleg om våren, før lauvet kjem på treet. Frukta er ei lita nøtt med ei brei lauvtynn fruktveng, så ho kan førast lang veg med vinden. Får trea vekse fritt lagar dei ofte breie, eggforma kroner.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Trevirke av alm.

Alm er eit middels tungt treslag. Veden er sterk, elastisk, slitesterk og har stor styrke mot slag. Den har såleis hatt mange bruksområde. Den har mellom anna vorte brukt til reiskapar, skaft og eiker i hjul. Den egnar seg godt til ulike sportsartiklar. Alm er etterspurd som emne til dreiing. Sidan kjerneveden held seg godt i jord og vatn, har den vore brukt til vassrøyr og til sluser i kanalar. Overflata er lett å behandle, og han har vorte brukt til møblar og panel.

Almeski har vore rekna for å vere svært glatte. Nokre stader har det vorte sagt at den som omkom med almeski på beina, ikkje kom i vigsla jord på vanleg vis. Skiene glei så godt at bruken av dei kunne føre til sjølvmord. Det har og heitt seg at at det var ulovleg å lage almeski. Det kan ha samanheng med vyrdnad for almen som mattre. Eller det kan grunnast i eit skriv som Norges Vel gav ut i 1808, der det vert innprenta at alm måtte brukast til mat, og ingen ting anna. Almeveden har stor brennverdi. Han er vanskeleg å kløyve.

Alm har vorte rekna som ei verdfull matplante. Inste laget av borken har vore brukt til borkebrød. Særleg har dette vore tilfelle i naudår. Almebork har og vorte bruk i brødmjølet når det ikkje har vore naud. Borken, og delvis tynne kvistar, vart oppkutta, godt tørka og malen. Og så blanda i brødmjølet. Alm har den eigenskapen at han gjer brøddeigen seigare og betre å bake. Det kunne vere umoge korn eller korn som kom dårleg i hus som gav så stutt mjøl at det var vanskeleg å bake. Ofte var det vatn som almebork var oppbløytt i dei hadde i deigen. Det er hovudsak til flatbrød vi høyrer om borkemjøl. Med det er og overleveringar om bruk til omnsbrød og til graut.

Alm har vore rekna som svært god til husdyrfôr. Sidan alm dei fleste stader ikkje er ei talrik plante, og fordi den har vore verdfull til folkemat, har bruken til fôr likevel vore liten. Både bork, lauv og kvist vart brukt. Bruken har vore noko ulik i ulike distrikt. Det vanlegaste har vore: almelauv til grisen. Kalvedrikk laga av bork. Kvist og lauv til sauen. Og bork, kvist og lauv til kua.

I liten grad har almebast vorte brukt til å lage reip , og til barking og farging.

For at alm skulle verte mest mogleg produktiv, vart den styvd (greinene nedskorne) med nokre års mellomrom.

Alm i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Kor verdfull almen har vore kan vi forstå av dei mange stadnamna med alm i seg.

I norrøn mytologi var Embla den fyrste kvinna.Ho vart til ved at Odin bles liv i ein almestokk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]