Amy Mbacké Thiam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amy Mbacké Thiam

Amy Mbacke Thiam.jpg

Statsborgarskap Senegal
Fødd 10. november 1976
Kaolack
Idrett friidrett
Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Amy Mbacké Thiam (fødd 10. november 1976) er ein senegalesisk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 400 meter i 2001 og fekk bronsen på same distansen i 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Thiam forbetra den nasjonale rekorden på 400 m til 50,21 sekundar då ho vann semifinalen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. I finalen gjorde ho sitt livs løp og tok gullmedaljen med tida 49,86, to hundredels sekund framom Lorraine Fenton frå Jamaica og ni hundredelar framom meksikanske Ana Guevara. To år seinare presterte Thiam eit nytt toppløp ved VM i Paris og kneip med tida 49,95 bronsemedaljen, klart slått av verdsmeister Guevara og av sølvvinnar Fenton.

Etter 2003 var Thiam ikkje i stand til å nå finalen i dei største internasjonale meisterskapane. I 2006 vart ho afrikameister på 400 meter etter eit løp på 52,22 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]