Anatolij Aljabjev
| Anatolij Aljabjev | |
| Fødenamn | Анатолий Николаевич Алябьев |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
| Fødd | 12. desember 1951 Verkhovazhsky District |
| Død | 11. januar 2022 (70 år) St. Petersburg |
| Idrett | skiskyting |
| Tok del i | biathlon at the 1980 Winter Olympics – individual, biathlon at the 1980 Winter Olympics – sprint, biathlon at the 1980 Winter Olympics – relay |
| Utmerkingar | Arbeidets røde fanes orden, Hedret mester i idrett av Sovjetunionen |
Anatolij Nikolajevitsj Aljabjev (12. desember 1951–11. januar 2022) var ein russisk skiskyttar som representerte Sovjetunionen. Han vann gullmedaljar på 20 km og i 4 x 7,5 km stafett under Vinter-OL 1980.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Aljabjev var fødd i ein landsby ved Velsk. Han deltok ikkje i internasjonale meisterskap før han kom til Lake Placid og Vinter-OL 1980. Der vart han den fremste skiskyttaren ved å verte olympisk meister på normalprogrammet 20 km etter feilfri skyting, deretter tok han bronsen på 7,5 km. Til sist gjekk han på ankeretappen Sovjetunionen inn til gull på stafetten, dei andre på laget var Vladimir Alikin, Aleksandr Tikhonov og Vladimir Barnasjov.
I 1981-sesongen vart Aljabjev nummer tre i verdscupen i skiskyting, ei turnering som vart vunnen av Frank Ullrich frå DDR framom norske Kjell Søbak. Aljabjev vart nummer seks i begge dei individuelle øvingane då VM i skiskyting 1981 fann stad i Lahti. Både i Lahti-VM og i skiskytings-VM 1982 i Minsk gjekk Aljabjev Sovjetunionen inn til bronsemedalje på 4 x 7,5 km stafett.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Einskildmenn
- Fødde i 1951
- Døde i 2022
- Sovjetiske skiskyttarar
- Russiske skiskyttarar
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skiskyttarar under vinter-OL 1980
- Folk frå Arkhangelsk oblast